LESERINNLEGG:

Johs Vaag

Blir det fleire sjukeheims­plassar i Surnadal?

Publisert

I løpet av haustmånadane får vi kanskje ei avklaring på om det blir fleire sjukeheimsplassar eller ikkje i Surnadal. Det er nemleg ei kjend sak at det har vore delte meiningar om dette i kommunen. Det er også eit faktum at eit fleirtal i Surnadal kommunestyre har stemt ned forslag om å vurdere og utgreie om nokre av dei 8 nedlagde sjukeheimsplassane skal takast i bruk igjen. For at det ikkje skal vere tvil om kva som er rett: Dette er fakta som heilt klårt kan dokumenterast ved å gå gjennom protokollane for kommunestyremøta for første halvår i år. Eg har i tidlegare lesarinnlegg sitert ordlyden i dei nedstemte forslaga. Eg finn derfor ingen grunn til å gjenta desse her. Det har heller ikkje kome merknader som sår tvil om desse kjensgjerningane.

I kommunestyremøte 31.03.2022, under behandling av sak 12/22, som galdt styrking av tilbodet i Surnadal Helsehus, blei det fatta eit samrøystes vedtak kor det mellom anna heiter: «Kommunestyret ber om at det blir lagd fram ei sak i samband med budsjettarbeidet der dette blir vurdert: - Dei 8 stengde sjukeheimsplassane blir opna. Tilsvarande 8 sjukeheimsplassar blir stengde på BOA. – På BOA skal det samtidig opnast bufellesskap/tryggheitsplassar for inntil 4 personar som eit tilbod på nivå mellom omsorgsbustad og sjukeheim. – PBN (Plan og byggenemnd) for Surnadal Helsehus skal snarast vurdere denne løysinga som ein del av den vidare utviklinga av Helsehuset.»

Oppmodinga «snarast vurdere» framsett av eit samrøystes kommunestyre forpliktar, etter mitt syn.

I spørjekvarteret under kommunestyremøtet 15.09.2022 sette eg fram spørsmål om korleis det ligg an med denne saka i dag. (Da eg hadde ein kort permisjon frå kommunestyremøtet var det min partikollega Nils Petter Tonning som las opp spørsmålet). Svaret frå ordføraren lydde slik: «Plan og byggenemnda har ikkje hatt denne saka til vurdering enno. Administrativt har vi i gang med ein prosess for å sjå på forslaget. Vi skal ha halvdagsmøte den 21. september der vi går gjennom forslaget og einingane i helse og omsorg får komme med sine vurderingar og innspel. Vi har hatt som mål og leggje fram saka i samband med budsjettkonferansen i haust. Det er møte i plan og byggenemnda den 22. september, dagen etter vårt administrative møte. Det vil vere naturleg å ha dette som tema da.» Ordføraren ga etter mitt syn eit greitt svar på den faktiske stoda så langt.

Kommunen har hatt utfordringar når det gjeld tildeling av sjukeheimsplassar. Det har til dømes vore leigd sjukeheimsplassar hos Aure kommune i nokre få tilfelle. Kommunen har og hatt betydelege utgifter til gebyr vedkomande pasientar som blir liggjande på sjukehus i påvente av å få eit høveleg tilbod i heimkommunen. Det er derfor sterkt å håpe at det blir ein viss auke i talet på sjukeheimsplassar i Surnadal. No blir dette vurdert og det vil kome ei sak til kommunestyret om dette. Dette er bra. Vi går spennande tider i møte. Det er håp i hengande snøre.

Avslutningsvis vil eg gi stor ros til dei tilsette innan helse, pleie og omsorg i Surnadal for framifrå innsats. Arbeidspresset er stort. Takk for at dykk står på!

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS