LESERINNLEGG:

Arbeiderpartiets logo, en rose

Krigen på Gaza

Årsmøtet i Surnadal Arbeiderparti, torsdag 15. februar 2024, fordømer på det sterkaste krigshandlingane som no går føre seg mot dei sivile på Gaza.

Krigen Israel fører på Gaza er heilt uakseptabel i måten dei sivile blir ramma. Vi ser dagleg lidingane, som er så grusomme og av ein slik dimensjon, at sjølv erfarne feltarbeidarar ikkje lenger har ord for å beskrive dei.

Til trass for at ein nær samla verdsopinion no pressar på for å stoppe denne krigføringa, held Israel fram med uforminska kraft. Etter at flyktningane frå nord på Gaza har søkt tilflukt i grensebyen Rafah, har byen gått frå 280 000 til 1,5 millionar innbyggjarar. Etter ordre frå den israelske statsministeren Netanyahu, førebur hæren seg no på ein bakkeinvasjon av byen, men dei sivile har ikkje lenger nokon sikker plass å flykte til. Norge, saman med resten av verdssamfunnet, advarer no Israel på det sterkaste mot å gå inn i byen, men sjølv USA sine sterke formaningar om måtehald blir neglisjerte.

Palestinarar og jødar har levd i konflikt og krig sidan FN sin delingsplan for Palestina i november 1947, og konflikten mellom palestinarar og Israel har med rette blitt kalla «Alle krigers mor». Sirkelen med undertrykking, annektering av land, krig og hevn må brytast. Både palestinarane og Israel treng no ein rettferdig og garantert fredsløysing som gir håp og tru for framtida Dette er noko FN, stormaktene og landa i regionen må stille seg bak og garantere. Begge folka må få sitt eige land, da er løysinga to statar som kan leve fredeleg ved sida av kvarandre – noko anna alternativ finst ikkje.

Det som no skjer er ein katastrofe for palestinarane, men og for staten Israel. Dette må stoppast, og humanitær hjelp må komme inn på Gaza. Gisla på Gaza og palestinarar som er internerte i israelske fengsel utan tiltale og dom, må settast fri. Vi har hatt nok lidingar både før og etter Hamas sitt terrorangrep mot Israel 7. oktober.

Rettferd, sikkerheit og eige land for palestinarane og innbyggjarane i Israel er framtida.

Årsmøtet ber regjeringa no gjere tiltak som legg ytterlegare press på Israel for å stoppe krigføringa og opne for humanitær hjelp på Gaza.

Årsmøtet i Surnadal Arbeiderparti

Powered by Labrador CMS