LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Den vanskelege klimarekninga

Publisert Sist oppdatert

Den meteorologiske helsinga frå kloden vår er for tida «villare, våtare og varmare». Handteringa av denne utviklinga fortel svært mykje om korleis dei ulike politiske partia ser for seg framtida. Og ettersom Noreg er eit av dei globalt største olje- og gasslanda, er landet slett ikkje blant dei fremste når det gjeld å utvikle natur- og klimapolitikken med sikte på å sikre ei god framtid for komande generasjonar.

Det er likevel skilnad på partia. Enkelte parti synest nesten ikkje ha registrert at det trengst endringar i politikken vår. FrP og SP synest å vere blant dei fremste av desse, slik stortingspolitikar Geir Inge Lien (SP) viser oss, m.a. på Trollheimsporten 10/6-25. Han klandrar EU, AP og Høgre for å gjere vilkåra for bensin- og diesel-bilistane vanskelegare. Ein kan nesten få inntrykk av at klima- og naturutviklinga i dag ikkje medfører utfordringar eller økonomiske tap korkje for bøndene eller landet.

Mange av oss har registrert at natur- og klimaendrinane både nasjonalt og globalt synest å skje i stadig raskare tempo. Dei politiske vedtaka og tiltaka klarer ikkje å følgje med, enda landet vårt er eit av dei landa i verda som burde ha best føresetnader for å greie det, både økonomisk og kunnskapsmessig. Men då er det samtidig viktig at ein har sterke ønske om å sjå framover, slik bonden tidlegare har hatt tradisjon for: kva slags land og klode og framtid ønsker vi å overlate til etterkomarane våre?

Eivind Hasle
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS