LESERINNLEGG:

Portrettbilde av ei dame, merket SP - nær folk
Silje Beate Holten

Eit sterkt Senterparti gir meir til Surnadal

I stortingsvalet 2025 skal vi velje kven som skal styre landet dei neste fire åra. For oss i Surnadal handlar valet ikkje berre om rikspolitikk i Oslo – det handlar om kvardagen vår her heime. Om du framleis er usikker på kven som skal få di stemme, vil eg no forsøke å forklare kvifor akkurat Senterpartiet skal få di stemme. 

Eit sterkt Senterparti på Stortinget betyr at vi kan halde fram med å utvikle Surnadal som ein levande kommune med bulyst, arbeidsplassar og trygge lokalsamfunn. 

Men kva betyr dette i praksis? 

1. Tryggleik og velferd Vi vil halde fram med å styrke kommuneøkonomien, slik at Surnadal kan utvikle helse- og omsorgstenester, halde på desentralisert skulestruktur og sikre politi og beredskap nær folk.

2. Samferdsel og infrastruktur Senterpartiet vil satse på betre vedlikehald av vegar, rassikring og tryggleik. Vi vil arbeide for å oppretthalde gratis og billegare ferjer, og sikre full utbygging av breiband og mobildekning. For Surnadal betyr dette tryggare vegar, betre digital infrastruktur og enklare kvardag for folk og næringsliv. 

3. Bulyst og vekst i bygda Surnadal kan søkje om bygdevekstavtale, som gir statlege midlar til bustadbygging, næringsutvikling og tenester. Ordninga med nedskriving av studielån for dei som bur og jobbar i distriktskommunar blir vidareført – noko som er avgjerande for å rekruttere lærarar, sjukepleiarar og anna fagfolk. 

4. Billigare barnehage og SFO Frå august 2025 blir maksprisen i distriktskommunar sett ned til 700 kroner i månaden. I tillegg er SFO gratis for 1.–3. klasse. Dette gir barnefamiliar i Surnadal fleire tusen kroner spart kvart år – og gjer bygda meir attraktiv for tilflytting. 

5. Landbruk og næringsliv Surnadal er ein sterk landbrukskommune. Med Senterpartiet får bøndene betre inntektsvilkår gjennom rekordstore jordbruksoppgjer. Vi vil òg styrke små og mellomstore bedrifter og sikre lokalt eigarskap. 

Oppsummert 

Med eit sterkt Senterparti på Stortinget får Surnadal:
- Bygdevekstavtalar og betre kommuneøkonomi
- Tryggare vegar, rassikring og betre breiband
- Billigare barnehage og SFO
- Styrka landbruk og lokalt næringsliv
- Trygge og desentraliserte velferdstenester 

Kort sagt: Surnadal får betre rammevilkår for bulyst, arbeidsplassar og trygge lokalsamfunn – nært folk. 

Stem Senterpartiet – for Surnadal, for Nordmøre, for heile Norge!

Silje Beate Holten
Leiar Surnadal Senterparti

Powered by Labrador CMS