Felleskor dirigert av Elin Persson.

Kom sommarvind

Publisert

Vårsongkvelden i Ranes kyrkje onsdag kveld bar tittelen «Kom Sommarvind». Vi har ikkje hatt mykje sommarvind enno, men denne kvelden gav oss håp om sommar og varme og lys gjennom all den vakre songen som tre kor bar fram. Tordenskjold songlag gav oss kjensle av kyrkjekonsert med dei kjente og vakre salmane frå «Som den gylne sol frembryter» til «Bred dina vida vingar». Mektig og fin song.Dei avslutta si avdeling med Surnadalssongen, som dirigenten Elin Persson sa vart sungen for lite.

Det eminente kammerkoret Wok frå Sunndal løfta oss opp og gav oss den mest utsøkte musikk a cappella og alt utan notar. Tenk at vi har slike kvalitetskor i lokalmiljøet. Lone Eines som både songar og dirigent imponerte. Også vårt alltid trufaste lokale dame - og kyrkjekor Credo under sin dirigent kantor Oddveig Helset Halle hadde ei fin avdeling med m.a «Hymne» av Mozart.

Til slutt stilte alle songarane opp med mektig fellessong «No livnar det i lundar» og «I denna ljuva sommartid» som gav oss riktig sommarstemning, med «Brureslått frå Øre» som avslutning før vi sammen fekk syngja «Så grønn en drakt, så rik en duft». Til orgelmusikk av Oddveig og nydeleg trompet ved Karianne Holten fekk vi delta i mange kjente og mindre kjente salmar frå vår rikhaldige salmebok. For vår del lærte vi ein ny vakker salme av Alfred Hauge «Alle dei fuglar».

Sokneprest og fung. prost Vidar W. Rygh førte oss gjennom heile kvelden med framifrå gode kommentarar til salmane og ein visjon om ei betre verd der alt blir godt og Gud gjer alt nytt, slik vi også song i den siste salmen sammen: «Snart skaper Gud en sommer uten make og gir oss alt tilbake!»

Med takk for ein fin kveld.

Einy Rendal Elgsæther

Powered by Labrador CMS