SPOONMAN, releasekonsert

SPOONMAN

Magisk konsert med full trøkk i Storstuå

-ein kveld vi seint gløymer

Publisert Sist oppdatert

Vinylplata har snurra kvar ledige stund sidan måndag. Refrenga har gått på repeat i hovudet. Forventningane til denne konserten var ikkje akkurat låge. Og om det infridde? Det var så ubeskriveleg bra. For ei plate! For eit band! For ein konsert!

I tillegg til det musikalske sørgde lysansvarleg Bruno Svendsen for at dette vart ei flott visuell oppleving også.

Dei opna med War of The Wind og Exit Law, to samfunnskritiske låter. Den første med fortvilelse over korleis vi forvaltar naturen, skrive i samband med kampen mot vindkraft på Haramsøya. Den andre er inspirert av Jeffrey Epstein-saka, og sinne over maktmisbruk. Frank fortel at han prøvar å ikkje vere så politisk når han skriv låter, men somtid er det umuleg å ikkje vere det. Alle låtene på albumet handlar om ting som er urettferdig og vanskeleg, i samfunnet, mellommenneskeleg og på personleg plan.

Etter ein start med full trøkk roar dei ned med Too Young to Die. Ei låt om å leve livet før det er for seint. Sårt og vakkert. Denne er tydeleg vanskeleg for Frank å snakke om, og har ei enno sterkare meining no når kona hans er under kreftbehandling.

Taket lettar mesta i Storstua til Mother og Farmers Riot, før vi får ein aldeles nydeleg, heilt nedstrippa, kassegitarversjon av tittelsporet Silent Psalm. Denne såre låta om å vere einsam og dø åleine får tårane til å sprette og armhåra til å reise seg. Det er umuleg å ikkje bli rørt av denne songen.

Silent Psalm i sår og rørande kassegitarversjon.

I tillegg til dei elleve låtane frå Silent Psalm får vi to låter frå Adamant, albumet som kom i 2020. The Lost Cowboy, som handlar om Frank sin onkel som tok sitt eige liv, og trommisen Jon sin favoritt, The Magpie, som har eit heilt rått mellomspel. Kule låter, intense med mykje tekst. Utviklinga frå førre album til det nye har gått i retning mindre tekst, og meir rom for innleving og undring. Fint på kvar sin måte, og dekkjer lyttebehov til ulike humør.

Grown up Dead, andre låta på nyplata, er veldig fengande, denne blir ein gåande å nynne på når ein har høyrd den nokre gongar, og det var veldig tydeleg at publikum på kulturhuset likte ho. Første singelen, The Immigrant Song, sit i ryggmargen, og var sjølvsagt enno eit høgdepunkt under konserten. Bandet framstår ekstremt samspelt.

Dei avslutta sterkt med Whispers from Tellus og In Light of Face, og eg vil tru eg ikkje var den einaste som skulle ønskt at dette bere skulle fortsette resten av kvelden, men vi fekk ein god time med fantastisk rock av høg kvalitet. Det er lett å seie at dette er eit superdyktig lokalt band, og å samanlikne dei med internasjonale favorittar som Queens of the Stoneage og Foo Fighters. men det er ikkje det som gjer det så bra. Det er ikkje bra fordi det er lokalt og inspirert av andre knallgode band. Dette er bra fordi det er kvalitet i alt dei gjer, fordi dei kan sakene sine, fordi det er gjennomført, fordi dei meiner det dei formidlar, fordi det er innleving og fordi dei har særpreg.

Jon Landsem er stødig bak trommene. Det er kvalitet i alt dei gjer.
Torbjørn Kvande er ein dreven bassist, og sett sitt preg på låtene med tøff bassgang.

Avslutningsvis takka bandet alle som hadde bidrege til albumet og konserten: Ola Langli for musikalsk bidrag, Rolf Paulsen for musikalske og kunstneriske bidrag, Lediard Foto for coverbilde, Bruno Svendsen for lys, Rune Dalager for lyd og NoFo for filming.

Ein gald trio, med all grunn til å vere stolt, takkar publikum og alle som har bidrege.

I dag har eg fått kommentar frå SPOONMAN om at dei er veldig takknemleg for alle som kom på konsert og alle dei gode tilbakemeldingane dei fekk etter konserten og i sosiale media. Dei set pris på at folk likte musikken, og særleg den rolege versjonen av Silent Psalm.

Fleire bilde, bla med pilene.

I foajeen var det sal av plater og merch. Håvard Stensønes var raskt frampå og handla vinyl.
Frank i samtale med Bruno Svendsen. Lysansvarleg som gav konseten ein ekstra visuell dimensjon.
Tidleg krøkast. Alva Lisa og Sofia, døtrene til Frank og Jon, rocka i salen.
Innleving og tekster som har personleg meining prega framføringa.
Levande framføring av Mother.
Platesignering
Powered by Labrador CMS