Vårsøghelga 2021:

Trommeslagarane Frank Hannasvik (t.v.) og Oddbjørn Sponås (t.h.) leverte ein ekstremt imponerande konsert saman med Vårsøghelg-veteran John Pål Inderberg fredag kveld.

Skyhøgt nivå og topp stemning i billaget

Publisert Sist oppdatert

Det vart ein aldeles storarta Vårsøghelg-kveld for publikummarane i eit utseld Surrnadal Billag fredag.

Under den todelte konserten fekk dei nemleg først sjå og høyre eit botnsolid knippe strålande opplagte musikarar: først Frank Hannasvik, Oddbjørn Sponås og John Pål Inderberg, så Polkabjørn og Kleine Heine.

Dagleg leiar i Vårsøghelga, Anders Larsen, starta kvelden med å introdusere Hannasvik, Sponås og Inderberg.

– Eigentleg spurte vi fem trommisar, men heldigvis sa fleire av dei nei. Det er nok med to, spøkte Larsen.

Konserten i Surnadal Billag var prega av gjennomgåande god stemning, som vart sett allereie då Hannasvik og Sponås starta konserten sin med å komme trommande inn utanfrå. Publikum kunne høyre dei to surnadalingane imponere med "Dalaslåtten", ein trommeslått frå Hålandsdalen, lenge før dei to kom til syne.

John Pål Inderberg og Oddbjørn Sponås.

– Ei stor oppleving. For dykk

Derifrå og ut vart det ein stor halvtime med imponerande dynamiske rytmar, og eit samspel mellom slaSgverk og saksofon, som satt som ei kule.

John Pål Inderberg leidde publikum gjennom settet med sin vante, lune humor, og hadde få problem med å få tilskodarane til å le høgt. Diktlesing, på Inderberg sin eigen måte, stod naturlegvis og på agendaen.

John Pål Inderberg las dikt på sin eigen, spesielle måte. Då satt smila laust både hos musikarar og publikummarar.

Etter Dalaslåtten drog dei tre til med ein sjølvmodifisert versjon av "I got the rhythm". Inderberg slo, med glimt i auget, fast:

– De i publikum er i dag med på noko som aldri før har vorte spelt nokon plass i universet før. Så det er ei stor oppleving. For dykk.

Hannasvik, Sponås og Inderberg varta og opp med ein flott springar frå Todalen, før dei avslutta med ein Wolof baka, som har sitt opphav frå vestafrikansk stammemusikk.

Den blanda dei med slåtten "Reisaren" frå Setesdal, og i dette nummeret drog Hannsvik og fram munnharpa. Også i avslutningsnummeret tok musikarane turen ned frå scena og ut av lokalet, før dei spelte seg tilbake inn - der dei sette eit flott punktum for det som rett og slett var ein imponerande konsert.

Glad Hannasvik fekk Drømmestipendet 2021

I pausen før Polkabjørn og Kleine Heine skulle i aksjon, mottok Frank Hannasvik det synlege beviset på at han er ein av vinnarane av Drømmestipendet 2021.

Ordførar Margrethe Svinvik og rektor ved Surnadal og Rindal kulturskule, Torbjørn Larsen, stod for utdelinga til ein glad Hannasvik.

Ordførar Margrethe Svinvik og Drømmestipend-vinnar Frank Hannasvik.
Frank Hannasvik med det synlege beviset på at han er ein av vinnarane av Drømmestipendet 2021.

– Eg må seie tusen, tusen, tusen takk. Eg sett utruleg stor pris på å få halde på med dette. Vegen hit har vore rik på både opp- og nedturar, så å få denne bekreftelsen det er å få dette stipendet, kjem eg til å leve lenge på, sa han, og fortsette:

– Heile vegen har eg hatt veldig gode lærarar og eit inspirerande miljø. Heilt frå mor lærte meg halde trommestikkene, til alt eg har fått oppleve gjennom Kulturskulen, musikklinja i Kristiansund og Sund Folkehøgskule, der eg fekk vere med på studieturar til India, Brasil og Gambia. Deretter Musikkvitenskap i Trondheim, musikktroppen i Garden og så Musikkhøgskulen i Oslo, der eg går no.

Hannasvik takka og familien sin for all inspirasjonen han har fått, og vennane sine.

Drømmestipendet er på 30 000 kroner.

– Eg trur ikkje eg har hatt så mykje pengar før, eg, men eg trur eg skal klare å bruke dei opp på eitt eller anna fornuftig, sa trommeslagaren, og smilte.

Eitt av prosjekta til Frank Hannasvik er ein trio ved namn Røv Mølle, kalla opp etter...Røv Mølle.

Eigarane av mølla var på plass under konserten fredag, og frå scena sa Hannasvik, til latter frå salen, at han håpa det gjekk an å lage ein avtale med dei - slik at han slapp å bli saksøkt for å ha teke i bruk namnet.

I staden for søksmål, fekk Hannasvik og resten av trioen Røv Mølle i staden ein sjekk frå kraftforprodusenten Røv Mølle på 3 000 kroner.

Frank Hannasvik er med i ein trio ved namn Røv Mølle. Det tykkjer Tove Mogstad og dei andre ved Røv Mølle er så stas at dei fredag overraska Hannasvik med ein sjekk på 3 000 kroner.

– Veldig naturleg å spele saman med Frank

Sjølv om konserten fredag var verdspremiere på samansetninga Sponås, Hannasvik og Inderberg, har dei to trommeslagarane frå Surnadal stått på scena saman før - mellom anna under Surnadals Hyllest til Pink Floyd i 2013.

I dag bur begge i Oslo, og dei har dermed teke opp att tråden, naturleg nok, inn mot denne konserten.

– Det er veldig naturleg å spele med Frank. Vi har ganske lik oppfatning om korleis vi vil ha ting. Vi har prøvd å tenke motivisk og melodisk, seier Sponås.

Han stod og på Vårsøghelg-scena i Surnadal Bilagg for fire år sidan, då med ein konsert kalla "Trøbass og jazz". Sponås likar utfordringane lokalet gjev ein trommeslagar.

– Det er eit utfordrande lokale for trommer, med betong i alle hjørner. Men det set og litt føringar for ting, om at ein må halde seg på eit visst volum, og lage like mykje dynamikk innanfor eit mindre spekter. Så det er ei fin utfordring, seier han.

Sponås er med i prosjekt som bandet Benedikt, som nettopp har gjeve ut nytt album, og duoen Tü, som har ny musikk på gang.

– Det ligg difor an til at det tek seg kraftig opp med konsertspeling når meir og meir opnar opp att etter koronapandemien, seier Sponås, som i tillegg til å drive med utøvande musikk har mykje trommeundervisning og jobbar ein del som musikklærar ved Bjølsen skole.

John Pål Inderberg (bak til venstre), Frank Hannasvik og Oddbjørn Sponås imponerte stort under fredagskonserten i Surnadal Billag.

Polkabjørn og Kleine Heine gjorde suksess

Polkabjørn og Kleine Heine har i ei årrekkje gjort stor suksess rundt om kring i landet, og suksess vart det og fredag.

Heine Bugge, som Kleine Heine eigentleg heiter, opna tidleg latterdøra på vidt gap hos eit feststemt Vårsøghelg-publikum. Faktisk så tidleg, at han undervegs i ei morsom innleiing fekk to rundar med spontan applaus allereie før duoen hadde spelt ein einaste song.

Dei to har eit glimrande samspel seg i mellom, og ei tydeleg rollefordeling, der Kleine Heine er den lettbeinte underhaldaren. Polkabjørn, eller Bjørn Tomren, som han heiter, har ei meir alvorleg framtoning, utan at det på nokon måte hindrar han i å få publikum til å le - heller tvert imot.

I tillegg til å ha sjarm og humor, er Polkabjørn og Kleine Heine ein ekstremt musikalsk duo.

Allereie i løpet av dei to første låtane "Put your sweet lips a little closer to the phone" av Jim Reeves og ein blues av Hank Williams, viser PolkaBjørn sitt enorme register - som går frå ein lys, flott falsett til ein imponerande djup bass.

I løpet av halvannen time fekk publikum servert ein fest av ein konsert, med tostemt song, gitar, trekkspel, allsong og strupesong, som ingrediensar. Bjørn Tomren har for øvrig delteke i VM i strupesang, i den russiske republikken Tuva i Sør-Sibir.

Konklusjonen etter ein slik kveld må vere at her har Vårsøghelga verkeleg truffe blink. Her fekk ein servert både nydeleg og imponerande musikk, kombinert med ein solid dose humor og topp stemning.

Når unge, lokale musikarar av så høg klasse i tillegg spelar to av hovudrollane, er det ikkje stort meir ein kan ønske seg av ein fredagskonsert.

PolkaBjørn, som heiter Bjørn Tomren, og Kleine Heine, som heiter Heine Bugge, leverte ein utruleg bra konsert i billaget fredag.
Powered by Labrador CMS