Surnadal sjukeheim melder:

Surnadal sjukeheim

Har beslutta å halde dørene stengt ved sjukeheimen på grunn av smitteutbrot

Dette skriv Surnadal sjukeheim på sine Facebooksider:

Beskjed angåande smittesituasjon ved sjukeheimen

Dei siste dagane har vi opplevd fleire tilfelle av smitte ved sjukeheimen. I dag kan ein seie at ein står i eit større smitteutbrot. Det er både tilsette og pasientar som no har fått påvist smitte. Så langt er situasjonen under kontroll. Men vi ser at det raskt kan bli krevjande da det i tillegg til dei helsemessige plagene for den enkelte, og utløyser mange ekstra arbeidsoppgåver knytt til smittetiltaka.

Vi har difor i samråd med smittevernlegen i dag beslutta å halde dørene stengt ved sjukeheimen. Dette medfører for deg som besøkjande at du må ringe til den aktuelle avdeling når du kjem. Vi ber og om at besøk blir begrensa i så stor grad som mogleg. Det er så langt ikkje meldt om alvorleg sjukdom, verken hos pasient eller tilsette knytt til Covid 19.

Er du pårørande til pasient som får påvist smitte, ringer vi deg. Har du spørsmål ønsker vi at du ringer konstituert einingsleiar Jenny Nordheim, tlf 482 09 641.

Powered by Labrador CMS