Koronastatus frå Surnadal kommune

Smittesituasjonen

Surnadal kommune fekk bekrefta to nye smittetilfelle sist veke. Det dreier seg om ein tilsett og ein elev ved Nordmøre Folkehøgskule. Slik smitten breier seg no, har vi stor nytte av hurtigtestar. Fleire har testa positivt på hurtigtest sist veke, og desse blir bekrefta med PCR-test denne veka.

Smitten er høg både i Kristiansund og Trondheim. Dette er viktige innfallsportar til vår kommune og vi ser dryss av importsmitte frå båe desse områda.

Framover vil det vere den lokale smittesituasjonen som avgjer kor ofte det blir gjennomført rundar med testing i oppvekstsektoren og vidaregåande skule. FHI har varsla betydeleg auke i smitte i januar/februar, også hos barn og ungdom. FHI viser til at den individuelle risikoen for alvorleg sjukdom hos barn og ungdom, er særs låg. Les meir om dette på FHI sine nettsider.

I følge FHI er omikronvarianten generelt mindre sjukdomsframkallande enn deltavarianten, slik at færre smitta vil ha behov for behandling på sjukehus. Utfordringa med omikronvarianten er turbo-effekten den har med omsyn til smittespreiing. Uvaksinerte og personar med svekka immunforsvar er framleis ekstra sårbare for sjukdom.

Jobben i vekene framover blir difor først og framst å unngå at for mange blir smitta samtidig. Vi treng nok folk på arbeid, både i offentleg og privat sektor. Og vi treng eit helsevesen som ikkje er overbelasta, både lokalt og nasjonalt. Lokale smitteutbrot kan om nødvendig bli avgrensa ved lokale og målretta smitteverntiltak av ulik varigheit.

Koronavaksineringa

Vi ligg no godt an med omsyn til at koronavaksinering er vegen ut av pandemien, i alle fall når det gjeld sjukdomsbyrde. 98% av dei som har fått tilbod om dose 1 eller 2 i vår kommune har takka ja. Kun 1,8 % har av ulike grunnar takka nei.

Vi er komne langt på veg med tilbod om dose 3 til gruppa over 45 år og vi er i gang med tilbod til gruppa 18 - 44 år der vi har ledig timar. Denne veka får 580 personar tilbod om oppfriskingsdose og innan fredag er vi oppe i nesten 3000 personar som har fått si tredje dose i vår kommune.

Tempoet på vaksinering med oppfriskingsdose er no så høgt at fleire kan få SMS med tilbod om time så tett opp til vaksinering som dagen før. Frå 21. januar kan du velje om du vil ha mRNA-vaksinen frå Moderna. Send epost til vaksine@surnadal.kommune.no dersom du vil ha vaksinetypen frå Moderna. Viss du ikkje melder om anna, får du Pfizer.

Ei veke etter at du har fått oppfriskingsdose får du unntak frå smittekarantene. Dersom du er husstandsmedlem eller tilsvarande nære ein smitta person, får du likevel plikt til å teste deg over ein periode på 7 døgn. Men med oppfriskingsdose slepp du i alle fall å vere borte frå jobb ved negative testsvar og du elles er frisk og symptomfri.

Testing

Vi har no god tilgang til hurtigtestar til innbyggarar som har nyoppståtte symptom. Ved positiv hurtigtest skal ein som før gå i karantene og straks varsle kommuneoverlegen eller einingsleiar i Helse og familie, Gunn Bredesen, for testoppfølging og smittesporing. At smittesporinga så raskt som muleg kjem i gang og får kartlagd og testa nærkontaktar er heilt avgjerande for å unngå vidaresmitte, sjølv om mange no har fått oppfriskingsdose.

Powered by Labrador CMS