Gudsteneste i Rindal kirke

Lene prest på preikestolen
Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Rindal kirke

Når Gud byr opp til dans

- Kven gjer deg glad, spør sokneprest Lene Gåsvatn i preika i Rindal kirke denne søndagen.

Publisert Sist oppdatert

Spørsmålet er naivt, men like fullt eit peikepinn på kven som gjer oss godt og kven det er fint å søkje fellesskap med. Dei er ikkje nødvendigvis desse Jesus kallar for vise og forstandige og som tek stor plass, heller. Slik vart det forkynt i Rindalskyrkja sundag 26. mai. Og les de heile preika, kan de også få ein tanke om dansen i Guds rike.

 

Treeiningssundag Lukas 10,21-24

I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»

Då dei var åleine, vende han seg til læresveinane og sa: «Sæle dei auga som ser det de ser! For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»

Slik lyder det heilage evangeliet.

 

Her er heile preika

Er det noko me folk er gode på, så er det å innrette oss etter rang. Nokon tek stor plass mens andre let desse såkalla store ta den store plassen dei kan synast berettiga til å ha. 

Dette er tydeleg i alle samanhengar: I politikken, innanfor akademia, i militæret og politiet, og også innanfor kyrkja. Eller endå nærare oss: I grenda eller i vår eigen familie. 

Der det er folk, er det alltid nokon som skal bukkast og skrapast for og nokon til å gjera det. Nokon som skal lyttast til og nokon som skal høyre etter og bekrefte det som blir sagt. Nokon er i den indre sirkelen og nokon i periferien – eller som det kan synast når ein ikkje føler seg inkludert: Nokon inne i varmen og nokon ute i kulda. Må Gud forby at nokon opplever kyrkja slik! 

Ofte er det lurt å ikkje kommentere eller protestere, i og med at det me seier på ein eller annan måte kan avsløre oss – at me er lite opplyste, at me ikkje har skjønt koden, at me er litt enkelt skrudd i hop.

 Skal nokon vera større enn andre, skjer det alltid på bekostning av andre. Og no gjer Jesus endå eit kunststykke: Han seier ganske tydeleg at dei som er vise og forstandige ikkje forstår. Gud har ikkje late dei forstå. 

Mens dei andre, dei som går for å vera umyndige og små, altså dei tagale bukkarane mellom oss, dei har fått det openberra.

Det er dei minste, dei utan myndigheit, dei ubetydelege nederst ved bordet som får del i det store. 

Så var det kanskje ikkje så dumt at makta ikkje var vår likevel? At me føler oss tilsidesett og ikkje spesielt viktige. At me ikkje strekk til. At makta og myndigheita og bukkinga og skrapinga høyrer til dei med ein annan status enn me nokon sinne kan få. 

Og så snakkar Jesus om seg sjølv i tredje person eintal. No er han Sonen. Sonen som kjenner Faderen, altså Gud. Slik Gud kjenner Sonen. Og ingen kjenner Gud utan at Jesus syner oss og viser oss. 

Skulle eg seie at det er tragisk at det er slik? Her har eg brukt år av livet på å lesa og studere i forsøk på å bli klokare –

og så er det helst slik at ein må vera litt enkel for å forstå hemmelegheitene i Guds rike. 

Fordi det er enkelt. Det er så enkelt at me må bli fortalt og bli opplyst og bli vridd inn på dei rette frekvensane om me skal sjå det: Gud og Jesus er eitt, og desse to, Faderen og Sonen, har ein felles energi som er Ånden, og denne energien er det som held alt i hop: 

Kyrkja og trua, menigheita og fellesskapet, tradisjonen og håpet, sanninga og ikkje minst kjærleiken. 

Ein kollega, Jon Aalborg, har lagt ut ei preike der han vinklar på handlingane meir enn orda. Springbrettet hans er interessant – og eg lener meg gjerne til ein som har forstått meir enn meg sjølv:

Om treeinigheita seier han at

I Gud finst det ein som elskar, ein som blir elska, og ein som er kjærleiken mellom dei.

I Gud finst det ein som blir æra, ein som ærar han og ein som fortel om det.

I Gud er det ein som sender ut, ein som blir sendt ut og ein som vitnar om det.

I Gud er det ein som skapar, ein som gjenforeiner skapningen med han og ein som flyt mellom han og skapningen for å gje liv og fellesskap.

Alt er èin og den same Gud, ein Gud som er levande, ein Gud som er det han kallar dynamisk og det han kallar handlande. 

Og no tilbake til mine ressonement: Er dette evangeliet for dei svake og små, oss som føler at me har begrensa med plass her i verda? 

Tekststykket me har føre oss, byrjar med at Jesus jubla i Den Heilage Ande og sa ...

Og eg vil utfordre oss til å ta ein grundig runde i minnet og tenkja over: Når var det me sist jubla i Den Heilage Ande?

Var det når me kom til kort overfor dei som tek plass? Nei. Så absolutt ikkje. Ingen som blir audmjuka har grunn til å juble. 

Men når var det det skjedde, at me kunne juble i Den Heilage Ande slik Lukas skriv om at Jesus gjer? 

Det var når me sjølve kom til vår rett. Når me møtte nokon på same nivå som oss: Kanskje like svoltne på kunnskap, kanskje like audmjuka, såra og sårbare, kanskje like nysgjerrige på den andres liv og erfaringer, kanskje like styrt av ynskjet om å bety noko for nokon og gjera verda til ein betre stad. 

Dette må me gjerne søkje med god samvittigheit. 

Og kva finn me så? Finn me eit medmenneske – eller finn me ein Guds skapning med Jesus i hjarta og ein Ande som bind oss i hop? Det kan så vera – og interessant nok. 

Me er mange her i verda. Og me er mange her i bygda. Ikkje alle fell inn på alle. Men blant alle desse folka som finst over alt, må me gjerne ta oss tid til å kjenne etter og registrere kven me blir glade for å sjå. Og me må gjerne fortelja det også: Eg blir så glad når eg ser deg.

Det kan vera fleire av desse enn me hadde tenkt over, langt fleire. 

Og slik Jon Aalborg avslutter si preike, vil eg også avslutte:

Guds kjærleik er så overstrøymande stor at den ikkje får plass eingong i han sjølv. Guds kjærleik må ut og bli til det som blir elska. Me er kalt til å dele denne bevegelsen, denne handlinga som Gud er, med kvarandre, med alle. 

Ein moderne teolog, og eg skulle gjerne visst kven!, seier at Gud er ikkje dansaren, men han er sjølve dansen. Vårt kall er å delta i og invitre alle inn i den dansen, kvar på vår måte. Her skal ingen bli sitjande att, om ein kan ungå det. Ingen. 

Dette er vår Gud. Den eine, dei tre. Dei tre, den eine. Gå ut og fortel om gjerningane hans. Det er i dei han er.

Alteret med altertavle i Rindal kirke
På alteret i Rindal kirke er det 2X7 lys

Ei av salmane i Rindalskjerka denne søndagen var denne (242):

Vi tror på skaperen, Gud. Vi tenner et lys i Guds navn. Gud blåser inn liv i vår verden. Vi tror Gud er her!

Vi tror på Jesus, Guds Sønn. Vi tenner et lys i Guds navn. Gud ble en av oss i vår verden. Vi tror Gud er her!

Vi tror på Ånden, vårt håp. Vi tenner et lys i Guds navn. Guds Ånd skaper tro i vår verden. Vi tror Gud er her!

Korset på dåpskann i Rindal kirke, diffus bakgrunn
Korset på dåpskanna
Powered by Labrador CMS