ANNONSE:

Konfirmantar ber med seg håp! - Innsamling til Fasteaksjonen den 28. mars

Saman med konfirmantar over heile landet, gjer konfirmantar og frivillige i Surnadal og Rindal seg klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon. Tysdag 28. mars gjennomfører Surnadal og Rindal kyrkjelyd bøsseaksjon frå kl.17.00. Konfirmantar og frivillige samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og gjev håp der nøda er størst. Husk kontantar eller bruk Vipps!

Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp moglegheit til å redde liv i akutte kriser og forandre liv på sikt. Takk vere innsamla middel, mellom anna frå fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt nødhjelp til flyktningar då krigen braut ut i Ukraina for over eitt år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Samarbeid med lokale partnarar mogleggjer rask respons når kriser og katastrofar inntreffar.

Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp også kan forandre liv på sikt. Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». Vatn gjev håp og positive ringverknader for enkeltmenneske og lokalsamfunn. Med ein brønn på landsbygda i Tanzania får jenter, som elles ville gått store avstandar for å hente vatn til familien sin, moglegheit til å gå på skole og få utdanning. Tilgang til reint vatn fører til færre vasborne sjukdomar, og gjev betre helse. Smarte dryppsystem gjev bønder i Tanzania og Malawi moglegheit til å tredoble inntektene sine, og såleis stå betre rusta mot klimaendringar.

– Gjennom Fasteaksjonen er vi med på å gje håp og forandring for menneske som treng det mest. Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet som må til for å redde og forandre liv. Vi håpar konfirmantar og frivillige som deltek i aksjonen blir tatt godt imot, seier diakon Gro Hauge Venås lokal aksjonsleiar for Rindal og Surnadal.

Powered by Labrador CMS