Har teke ny utdanning og starta eige firma:

Karina Kalvik har starta eige firma, og er klar for å hjelpe folk med ernæring og kosthald.

Platearbeidaren som vart ernærings­konsulent

Karina Kalvik brenn for folkehelse, og det å hjelpe folk. No har ho starta eige firma, og ønskjer å hjelpe folk i alle aldrar med ernæring og kosthald.

Publisert

– Mi oppfatning er at folk generelt er veldig opptekne av kosthald, og samfunnet vårt har eit stort fokus på kropp. For nokon bikkar det fokuset over til å bli ekstremt, og eg håpar at mine råd og mi rettleiing kan gje dei ein fagleg forankra tryggleik rundt dette.

Det seier Karina Kalvik, som i oktober starta opp firmaet Karina Kalvik Ernæringskonsulent. Firmaet finn du i Røtet i Surnadal, dette som ei direkte følgje av at Surnadal kommune har eit samarbeid med Innveno om utlån av kontorplass.

Karina Kalvik Ernæringskonsulent er og ferskt medlem av Trollheimsporten.

Tok treårig utdanning over nett

Karina er utdanna platearbeidar med fagbrev, men då ho vart åleine vart arbeidstidene utfordrande, fortel ho.

– Det var ikkje mykje jobb å få i Surnadal heller, for bedriftene vil helst ha sveisarar og folk med utdanning innan automasjon. Difor bestemte eg meg for at eg måtte finne meg noko anna eg kunne drive med.

Det ho landa på var å ta ein bachelorgrad i ernæring gjennom nettstudiar ved det som tidlegare heitte Bjørknes Høyskole, no Oslo Nye Høyskole.

– Førsteåret er grunnkurs i medisin, med anatomi og sjukdomslæring. Så er dei to siste åra spissa mot ernæring, slik at ein får kompetanse tilpassa inn mot det feltet, seier Karina, og fortel om bakgrunnen for val av studieretning:

– Eg har alltid vore interessert i ernæring, og oppteken av folkehelse. Samtidig har eg og opplevd å slite med mi eiga vekt, og var veldig nysgjerrig på kvifor det å gå ned i vekt er vanskeleg. Eg ville finne ut kva mytar som var sanne og kva som ikkje var sant.

Dersom ein søker på nett, er det mange ulike kurar og diettar å finne. Det gjer behovet for folk med fagkunnskap i botnen endå større, meiner Karina.

– Då kan ein få trygge, forskingsbaserte råd, individuelt tilpassa kvar enkelt sine behov. For meg er det ikkje etisk riktig å sette opp ekstremdiettar, men dersom folk kjem til meg og ønskjer ein form for lavkarbodiett, til dømes, så skal dei få det, seier ho.

I utgangspunktet kunne Karina Kalvik tenkt seg å jobbe innan ein frisklivssentral eller liknande.

– Akkurat no har ikkje Surnadal tilbod om det, så difor vart løysinga å starte opp for meg sjølv, og det gjorde eg altså i oktober. Det er frykteleg mykje å sette seg inn i når ein startar opp slik,

Meir enn berre slanking

Medan titlane «klinisk ernæringsfysiolog» og «ernæringsfysiolog» er beskytta, er det mange ulike titlar som vert bruka om Karina og andre med bachelorgrad i ernæring.

Karina Kalvik demonstrerer kroppsanalysevekta, som måler både feittprosent, muskelmasse og metabolsk alder.

– I firmanamnet mitt har eg «ernæringskonsulent», men eg kan og kalle meg «ernæringsterapeut», «ernæringsekspert», «kostrettleiar» eller «ernæringsrettleiar», seier Karina, som er meir oppteken av det å hjelpe folk enn av titlar.

– Eg brenn for folkehelse og det å hjelpe folk, for eg veit kor vanskeleg det med ernæring kan vere. Det er så mange kjensler knytt til mat, og det kan vere eit betent tema å grave i. Ein pirkar borti kjenslene til folk, og det hender at folk skjemmest når dei fortel meg om kostholdet sitt, seier ho, og understrekar at ho er omfatta av både tausheits- og journalplikt.

– Så dei som kjem hit skal ikkje vere redde for at det lek ut opplysningar om dei.

Ernæringsrettleiaren er klar på at fagområdet hennar handlar om mykje meir enn slanking.

– Det går og på matintoleransar, og kosthald opp mot diabetes, høgt blodtrykk og andre livsstilssjukdomar. I tillegg kan det gjelde det motsette av slanking - å hjelpe folk som av ulike grunnar ikkje får i seg nok næring, seier Kalvik, som rettleier folk i alle aldrar.

– I tillegg har eg fordjuping i idrettsernæring, så det kan nok vere interessant både for folk som driv med idrett og for vanlege mosjonistar.

Stor interesse for ekstremdiettar

Reint konkret tilbyr Karina Kalvik Ernæringskonsulent mellom anna kartlegging av kosthald, rådgjeving og rettleiing, og hjelper til med å sette opp kostplan for klientane. Ho tilbyr oppfølgingssamtalar, reknar ut næringsinnhaldet i noverande og folk sitt ideelle kosthald, og har ei kroppsanalysevekst, som hjelper til med å måle feittprosent, muskelmasse og metabolsk alder.

I tillegg er ho tilgjengeleg for prosjekt, foredrag eller kurs innan skular og barnehagar.

– Så langt har det vore litt roleg, men det gjeld mange bransjar, høyrer eg. Det er berre tannlegane som har fullt opp no, ler Karina, og fortel at ho har valt å leggje seg på eit litt lågare prisnivå enn ein gjerne finn på tilsvarande tilbod i byane.

På spørsmål om kva folk spør henne mest om, svarar ho at folk er nysgjerrige på kva av det dei har høyrt, som faktisk stemmer.

– Folk lurar på kva som er rett, og så er det ei overveldande interesse for lavkarbo og ekstremdiettar. Forsking viser at det er farleg for helsa å få i seg så store mengder feitt, men det fungerer for mange som vil slanke seg, og difor er det mange som spør om det.

Karina er i all hovudsak på kontoret på dagtid, men i veke 47 blir det og mogleg å booke seg inn på kveldstid, fortel ho.

– Eg brukar sosiale medier mykje, så folk kan gjerne ta kontakt og avtale tid der, og eg har og online-booking på nettsida mi.

Powered by Labrador CMS