Johannes 2, 1-11:
Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og læresveinane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin.
Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa:
«Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.
(Lesetekstane for 3. sundag i openberringstida står i boksar nedafor.)
- Kva er typisk foreldre?
Typisk foreldre er at me er svært glad for å ha fått born. Og det seier me gjerne, både med stoltheit og glede: Det største som har skjedd i livet mitt, er at eg vart mor. Det beste var å bli far. Og det er fint.
- Og kva så?
Det er typisk foreldre å ikkje få til å vera foreldre på den måten me hadde tenkt var best. Me møter oss sjølve i døra, me er urettferdige mot desse våre minste og kjæraste, me kjefter og maser, me misforstår og me stiller for høge krav. Og røyner det på, er me neimen ikkje særleg tålmodige heller.
Så erfarer me at hvis me ikkje har lært å be om unskyldning før, gjer me det i alle fall når me blir foreldre.
Fordi det er typisk foreldre å vera utilstrekkeleg. Ser me ikkje såpass, er me neppe ærlege korkje med oss sjølve eller dei me ikkje er nok overfor.
Men Maria, ho som var mor til Jesus, ho er ganske klok. No har det gått ca 30 år sidan Jesus var født, han er vaksen, og ho har sett nok av dette vidunderbarnet sitt til at ho har sett nok av han til å tru at han kan hjelpe folk. Jesus kan hjelpe folk som er i knipe.
Dette å ha for lite vin i eit bryllup, det er berre flaut. Stor skam er det. Og Maria, mora til Jesus, ho går imellom og ordnar opp – eller rettare sagt: Ho ber folk om å lata Jesus ordne opp. Ho ber dei om å sleppe Jesus til. Og så bli krisa avverga så til gagns at det aldri blir gløymt: Det skjer eit under, eit mirakel, når kjøgemeisteren smakar på vaskevatnet som tenarane har aust opp og bore til han. Snakkar om å laga gull av gråstein!
Akkurat slik Gud gjer det når han lagar folk fyrste gongen, som me høyrde lese om frå fyrste boka i Bibelen. Mennesket er skapt i Guds bilde, og finare kan det ikkje bli.
Dei fyrste menneska rota det til, og sidan har me fortsatt på same måten. Me er rett og slett ikkje gode nok, og det får me ikkje til uansett om me vil aldri så mykje og lagar oss aldri så mykje fin fasade.
Men kva skal me med fasade når både nåde og sanning ligg rett føre oss som ei gåve me berre kan få og leva i? Kvifor skal me stadig møte oss sjølve i døra når alternativet er så mykje betre:
Ein Jesus som møter oss og seier at han kjenner til korleis me er og vil ta seg av både oss og syndene våre, bekymringane våre og utilstrekkelegheita vår, alt me får til og alt me ikkje får til. Er ikkje det mykje betre enn å stadig prøve å dra seg sjølv til himmels etter håret? Me får prøve, den som vil –
Himmelen er bydd desse to små i døypevatnet. Dei fekk alt dei treng for å begynne og halde fram i livet som kristne. Og me gløymer heller ikkje at både vatnet som vart bore til kjøgemeisteren og vatnet som er brukt til døyping er vatn og flytande og at det blir til noko større og betre enn me kunne sjå og erfare før det vart teke i bruk.
Sjå, eg gjer alle ting nye! Slik blir Gud sitert av Johannes i hans åpenbaringar i Bibelens siste bok. Alle ting er nye. Då har korkje vår menneskelege utilstrekkeligheit eller skulda vår nokon som helst praktisk betydning. Jesus har bore det opp på korset, slik han sjølv også bèr sine inn i Guds evige himmel.
Jesus kunne laga den beste vin av vatn. Gud kunne skapa gull av gråstein. Og me – me kan tenkja over at jammen, dette angår oss meir enn me ante: Verda er større enn Rindal og den såkalla verdenssituasjonen me bekymrer oss over.
Og alltid, alltid ligg tidene våre i Guds hender der han vil vera ein fullkommen far for oss i mykje større grad enn me sjølve klarer å få til.
Er det ikkje eigentleg godt at me aldri veks ifrå dette?
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.