ANNONSE:
Gudsteneste og valgstart
Kyrkjevalget stundar til. Søndag er det gudsteneste i Åsskard med informasjon og høve til førehandsstemming.
I dagens gudsteneste handlar mykje om lovsong og rett bruk av det Gud gir oss. Lille Milea blir døypt. Takkofferet går til Kirkens Bymisjon. Det er også nattverd. Soknerådet inviterer til kyrkjekaffe.
Sommarprest Akerø – «litt» nordmøring
Presten Hans Arne Akerø leier gudstenesta. Han er sommarvikar i Surnadal, bur i Bøfjorden og trivst godt på Nordmøre. På morsida stammar han frå Gjemnes og er bror til TV-kjendisen Dan Børge og musikaren John Gunnar Akerø. Familien har hatt nær tilknyting til Frelsesarmeen.
Om kyrkjevalget
Lene Wilhelmsen frå kyrkjekontoret deltek og orienterer om det foreståande kyrkjevalget 11. september – same dag som kommunestyrevalget. Etter gudstenesta blir det høve til førehandsstemming.
Soknerådskandidatar i Åsskard er Eva Jorid Svendsen, Kari Johanne Aarnes, Bernt Bøe (desse er også med i det noverande soknerådet), Ingrid Kristine Sollid Holten, Grete Ingunn Husby Krogstadnes, Aashild Settemsdal, Harald Skrøvset og Jane Nordstrand Svendsli.
Førehandsstemminga varer frå kl. 12 til 14.