Åsskard søndag:
Gudsteneste for små og store
Barnegruppa Amigos, 6-åringar og konfirmantar utfaldar seg under gudstenesta i Åsskard søndag. Dei sikrar at alle aldersgrupper finn sin plass.
Trusopplærar Elsa Jensvold styrer samlinga i lag med klokkar Randi Bøe, Amigos-leiar Bodil Kvam Aasbø og staben elles. Prest Torbjørn Brøske er «utlånt» Øye kyrkje.
Kyrkjebok og «Møljeband»
Dette er Bibeldagen (Såmannssøndagen), og da høver det godt at 6-åringane får utdelt «Mi kyrkjebok». Desse var samla til førebuande kyrkjekveld måndag.
Amigos deltek med songar, lesing, forbøn og tablå. Og dei fem jentene i «Amigos Møljeband» spelar også attåt nokre av salmane!
Laga forbøn
Dagens forbøn vart til på siste Amigos-samling og viser mykje varm omtanke: Fred i Ukraina, at statsmenn må bli snille og verda rettferdig, at rike må dele med fattige, at sjuke må bli friske både på kroppen og inni seg, at ledige må få seg jobb og at dei som mislykkast, må få nye sjansar.
Bibeltablå
Bibelteksten om Guds Ord som såkorn blant menneska, blir framført som tablå med unge aktørar og enkle sceneeffekter.
Som seg hør og bør går dagens takkoffer til arbeidet i Amigos.
Og etter gudstenesta er det saft, kaffe og kjeks i Kyrkjestua.