
«Folkets handling» - med unge krefter
– Å delta sjøl er betre enn å observere! Denne gamle visdomen har livets rett.
Også i kyrkja. Mykje av konfirmantarbeidet landet rundt satsar på oppleving av å vera med, ha si rolle og bety noko.
I søndagens gudsteneste fekk Stangvik-konfirmantane utfalde seg - med oppgåver dei sjøl hadde blinka ut.

Allsidige oppgåver
Dei sette salmenummer på tavla, dei ringte klangfullt med klokkene, tok vertsansvar med utdeling av salmebok og hefte, forma stilig inngangsprosesjon med kors og dåpsvatn, assisterte fint da lille Iben vart døypt, tente bønelys, telde opp takkofferet og serverte saft, kjeks og kyrkjekaffe. Ja - ein var endatil dagens fotograf.

«Liturgi» i praksis
Vikarprest Gerd Anne Aarset, kyrkjetenar Oddvar Væge og klokkar Rannveig Brøske sette pris på all denne «folkets handling» - som ordet liturgi eigentleg betyr.
Med vakker dåpshandling, god preike, frisk salmesong og samlande leiing ved både klokkar og prest vart søndagsmessa ei fin stund.
Applaus for soknerådet
Vi vart også kjende med det nyvalgte Stangvik sokneråd som klokkar og avtroppande leiar Rannveig presenterte. Forsamlinga helsa dei med applaus. Også desse vil finne meiningsfylte oppgåver gjennom «folkets handling» i tida som kjem.

Allehelgenslys neste søndag
Neste søndag – allehelgensdag – deltek konfirmantane frå Todalen, Stangvik (igjen) og Åsskard i kvar sine kyrkjer. Mellom andre oppgåver vil dei da tenne minnelys for dei som har gått bort siste året.