ANNONSE:

Prest Torbjørn Brøske og klokkar i Åsskard, Randi Bøe, inviterer til «Helgemesser» på Allehelgensdagen.

Allehelgensdag: Vemod og lys

Publisert Sist oppdatert

Søndag er det allehelgensgudstenester i kyrkjene. Ei samling med vemod, men også lys.

Ein ny tradisjon har vakse fram dei siste par tiåra. Allehelgensdag tek opp i seg to gamle høgtidsdagar - ein for alle heilage utan eigen minnedag (Helgemesse, opprinneleg 1. november) og Alle sjelers dag, 2. november.

Frå Allehelgensmessa i Åsskard i 2021.

Som dagen da vi minnest våre kjære, særleg dei som har gått bort siste året, har den vorte ei varm og viktig høgtid i kyrkjene våre.

I år vil mange kyrkjer i Surnadal vera opne i timane før dei oppsette gudstenestene. Der vil vertskapet servere kaffe, det blir høve til stillhet og ettertanke, lystenning både ute på kyrkjegarden og i lysgloben inne og høveleg orgelmusikk.

Ranes og Todalen har messe til vanleg tid. Åsskard har gudsteneste kl. 14, men er open frå 12. Stangvik opnar kl. 13 - med messe kl. 18. I Mo kyrkje er det musikkandakt kl. 19.30, med opa kyrkje på førehand. Både Ranes og Mo sender gudstenestene på nett.

Torbjørn Brøske er prest i Todalen, Åsskard og Stangvik. Han fortel at konfirmantane deltek med lystenning for dei som er døde siste året. Korgrupper vil også delta. Dagens evangelium, Sæleprisingane frå Bergpreika, blir sunge til musikk frå Egil Hovlands «Allehelgensmesse». Organist Bernt Bøe spelar høveleg musikk før desse tre gudstenestene.

Samtidig som dette er ein vemodets dag ved saknet av dei som har gått bort, legg kyrkja til rette for at lyset og håpet skal skine.

Powered by Labrador CMS