Påskedagsgudsteneste med dåp

Sokneprest med dåpsføle i kordøra
Mari Mogset med foreldre og fadrar

- Ho fekk vaska håret

Den vesle guten såg det, ho som vart døypt fekk vaska håret. I alle fall var det vatn dei to jentene vart døypt med under påskedagsgudstenesta i Rindal kirke 1. påskedag, men Ordet og Anden høyrde også med.

Publisert Sist oppdatert
Sokneprest med dåpsfølge i kordøra
Ingrid Hønsvik med foreldre og fadrar

Preika til sokneprest Lene Gåsvatn i Rindal kirke 1. påskedag 2024

Matteus 28,1-10.   

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.

Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.

Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!

Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»

Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.

Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»

Det tok til å lysne. Denne dagen også. I Jerusalem er det ikkje lengre sjølvsagt, dette lyset som er på tur.

Det er ikkje meir enn tre dagar sidan det kom bort, midt på dagen. Stummande mørkt vart det. Merkeleg.

Men no lysnar det. Den fyrste dagen i veka. Den nye byrjinga. Den nye byrjinga der alt er nytt.

Men kjeringane som har gått til grava, dei veit det ikkje enno. Berre Gud veit. Og han som får det til å lysne, får lyset til å byrte inn og sprengja seg gjennom det stummande mørkret som hadde vore, som hadde rådd og regjert, som hadde vore skjebne og lagnad.

No har det snudd, og det er ingen veg tilbake! Ingen veg tilbake til grav og dødsrike, ingen veg tilbake til vondskapens og dødens overmakt, ingen veg tilbake! Den er stengt.

Den gamle Nikodemus spør i si tid om korleis ein som er gamal kan koma inn att i mors liv og bli født på nytt. Og me kan på vår side vera truande til å spørja i same leia: Korleis kan ein som er født på nytt bli død att?

Like lite som Jesus døyr ein gong til, like lite skal nokon som tek imot det nye livet i Kristus smake døden.

Undergangen kan me kjenne på og kjenne at svir, etser og tek oss ned i både mismot og smerte, avgrunn og håpløyse.

Det kan vera både kroppsleg og mentalt, det kan handle om både oss sjølve og dei me står i eit kvarandre-forhald til, det kan vera krevjande og uuthaldeleg.

Det kan vera, og det er det. Dette menneskelege kan beint ut sagt vera plagsomt.

Og den fyrste dagen i veka, den fyrste påskemorgon lyser det imot oss like klårt som sola: Det menneskelege er berga i ein umenneskeleg plagsom operasjon som kosta meir enn me forstår og berga oss inn i ei saligheit som me heller ikkje klarer å begripe.

Men det anar oss: Saligheita er større enn vår smerte nokon gong kan bli, og den kosta Jesus meir enn me nokon gong kan begripe.

Men i den lever me med framtidshåpet som held oss oppe – også når me mest av alt tenkjer at det er berre å gje opp.

Heldigvis er det sterkare enn oss, som også livskreftene er det, som også Guds rike er det, som også Guds evige hender er det.

For dei to kjeringane ved gravkanten, med jordskjelv, ein lysande engel som dalar ned ifrå himmelen, rullar steinen ifrå grava og set seg på den, og så byrjar å snakke om oppstandelse og misjonering i skjønn foreining …. Nei, livet blir ikkje som før.

Eg syns det er fint at det står så konkret som det gjer om denne engelen. Han steller seg ikkje til å sveve ti, 20 eller 80 cm over bakken. Nei, han rullar steinen ifrå gravopninga og set seg på den.

Kjenner det harde, kalde og ikkje minst ubekvemme gjennom det lynet han er å sjå til og kleda som er kvite slik snøen er. Engelen er altså jorda til ein av steinane som ligg på vår karrige jord. Og det går fint.

Like konkret står det om følelseslivet til dei to kjeringane: Dei er redde og jublande glade samtidig. Dei er redde, men jublande glade. Var det mulig, eller er dette schizofrent?

Eg trur det er mogeleg. Eit langt liv med meg sjølv og eit like langt liv med Gud har lært meg at det er mogeleg å leva i denne spenninga mellom redsel og glede, mellom det som er og det som skal bli, mellom tru og tvil, mellom den gode og dårlege utgåva av meg sjølv …

- som det i høgste grad er mogeleg å eige eit evig liv midt i denne vår dødelege verden.

Engelen kjem frå himmelen, er som lyn å sjå til med klede kvite som snø – og han set seg ubekvemt nok på ein stein.

Maria og Maria Magdalena er fylt av ei glede så stor at dei er nære på å lette dei centimetrane engelen sparar seg for å sveve, men samtidig er dei livredde.

Er det ikkje slik livet er? Slik er det no. Mangfoldig, godt og drygt.

Men den same lysninga som dei to kjeringane går ut i, den kjem til oss i oppstandelsen, i lyset frå grava, i orda som blir forkynt og proklamert: Ver helsa. Ver ikkje redde.

Og Jesus forkynner med sin eigen kropp: Han har stått opp. Han lever. Han klarte det: Siger over død og djevel. Og nåden blir aust ut over oss som døypevatn i alt me gler oss over, alt me fryktar, alt me er.

Jesus forkynner med sin eigen kropp at han elskar oss. Tydelegare kan det ikkje seiast til oss som fortsatt kjenner bakken under føtene.

Måtte det lysne såpass for oss denne fyrste dagen i veka at me klarer å ta det inn – til liv og saligheit. Amen.

Kvist med seljeblomst, nytt liv
Sikkert og kjært vårteikn, og teikn på nytt liv!

Dei kjente påskesalmane vart intonert og akkompagnert med stor innleving av kantor Bjørn Vevang, og kyrkjelyden følgde opp med fyldig salmesong.

Barn kjenner på dåpsvatnet etter gudstenesta
Etter gudstenesta måtte nokon teste dåpsvatnet
Barn kjenner på dåpsvatnet
Det var passe varmt
Powered by Labrador CMS