LERERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Høgre og SP sviktar på drivstoff!

Publisert

"Kva Høgre sin nye leiar Ine holder på med, forstår absolutt ingen. Sørger ho for auka drivstoffprisar frå 1 september reknar eg med at Høgre kryper godt under 10% framover på meningsmålingane, og dette bidrar ivertfall ikkje til noko ny borgerlige regjering i 2029"

Næringslivet, transport, bygg og anleggsbransjen samt landbruksnæringa er heilt avhengige av forsvarlege rammevilkår, og kan ikkje godta skyhøge drivstoffprisar. 

Pr i dag tærer mange av bedriftene og landbruket på egenkapitalen og mange har det slett ikkje enkelt, dette har Høgre slett ikkje forstått.

"Kanskje bør Høgreleiinga komme seg av trikken i Oslo, og ta turen nord om Sinsen, så oppdagar dei raskt at næringslivet og folk flest i heile landet er avhengige av bilen og transport, med forsvarlege drivstoffprisar "

Høgre ønsker skattelette, det gjer også FrP, men dette klarer vi ikkje å få igjennom i dagens "tuttifruttiregjering" noko som Høgreleiaren veit svært godt.

Tidligast kan dette skje i budsjettet for 2030 etter valget i 2029 , og kvifor Høgre velger å angripe FrP og Sylvi, bidrar ivertfall ikkje til ei ny borgerlig regjering.

- Kanskje Høgre ynskjer fortsatt AP?

SP er like greinalause, der dei valgte å inngå budsjettavtalen med AP i revidert statsbudsjett gjeldande for resten av 2026, der drivstoffprisen vart raskt gløymt.

At SP no er ute og liksom er for kutt i drivstoffprisane også etter 1september er brått fantastisk, når dei godtok AP sitt statsbudsjett og at drivstoffprisen igjen skal fyke til himmels etter 1 september.

FrP krev lave drivstoffavgifter og at dei kutt som vart gjennomført for drivstoff skal fortsette, gjerne kuttast enda meir.

Så får vi sjå om Høgre fortsatt er i bukselomma til Støre, eller om dei snart har tenkt å framstå som eit borgarleg parti som bryr seg om folk flest og næringslivet, 

- også nord om Sinsen!

Powered by Labrador CMS