Fotokåseri på Sjøbruksmuseet:
Gjensyn med historia
Drama og idyll. Skuter og sjøliv. Plassar og profilar. Glimt frå lokal kultur og historie fyller temastunda på Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen.
Havgåande skip vart bygde i fjøresteinane. Kva skjedde med dei? Og kva hadde Tysklands rikspresident Hindenburg med ei Bøfjord-skute å gjera?
Edvard Langset samla unike eventyr i bygdene våre. Museet gir smaksprøver.
Både artige og mystiske hendingar lever i namn og minne. Kva grov dei ut på Hjelmkona? Kva skjedde ved Liavatnet?
Eit fargerikt persongalleri dukkar fram. Skrinet hans Jens Kråkån frå 1860 hjelper oss å formidle historie frå ein nedlagd husmannsplass.
Museet si målsetting er å halde ukjend og halvglømd historie levande – å dra forheng til side. Eit forsøk på dette er søndagens «Gjensyn» - foto frå Nordmøre med historikk bak.
Vi har hatt mange vellykka langforedrag i det siste. Denne gong kjem kortare glimt vekselvis.
Gjertrud og Gunnhild sørgjer for kaffe med tilbehør.
-
ANNONSE: