Surnadal kommune melder:

Gapahuken midt i naturen med trær rundt og fjell i bakgrunnen.

Viktige parkerings­reglar ved Kavlvegen kultursti

Kavlvegen kultursti har vorte ein utruleg populær plass for store og små, men mange besøkande parkerer no utan å ta hensyn til parkeringsskilta på Galtmettet. Under byggeperioden vart fleire vant til å parkere der, sjølv om parkeringsplassen var tiltenkt HC-parkering. Før opningshelga kom det opp tydelege parkeringsskilt og no lyt vi legge oss av med gamle uvanar. I helga var det så mange som parkerte langs privat veg på Galtmettet at naboar til turstien ikkje kom seg på arbeid eller ut med traktor. Dette kan ikkje fortsette. Det er godt tilrettelagt for parkering og tilkomst til Kavlvegen kultursti og det lengste du må gå er 1,3 km til kvilebua.

Sist helg var det så mange som parkerte langs privat veg på Galtmettet at naboar til turstien ikkje kom seg på arbeid eller ut med traktor. Dette kan ikkje fortsette.

Viss alle følgjer parkeringsreglane, skal alle kunne kose seg på tur utan å vere til hinder for andre, så her er ei tydeleg påminning:

HC-parkering på Galtmettet

Parkeringsplassen som kommunen har opparbeidd på Galtmettet har per i dag parkeringsløyve kun for personar med parkeringsbevis. For alle andre er det kun tillate med kortare stans eller av- og på-stigning. Årsaka til at parkeringsplassen rett ved FV. 670 er såpass begrensa, er at Statens Vegvesen var bekymra for stor trafikk inn og ut av 80-sona.

Hovudparkeringsplass på Åsen

Hovudparkeringsplassen til Kavlvegen kultursti ligg ved Åsen bygdemuseum. Statens Vegvesen har godkjent kommunens søknad om skilting frå FV 670 til denne parkeringsplassen og fylkeskommunen sett snart opp nytt skilt på stolpen ved Østbødalsvegen. På Åsen kan vi parkere nede ved vegen eller oppe i museumstunet, på graset bortom fjøset. Blir det fullt på Åsen er det god plass til bilar ved gamleskulen som ligg litt nedom museet, rundt svingen mot Østbødalen.

Gjesteparkering hos gjeterhundlaget

Det er mange fleire utan parkeringsbevis som ikkje greier å gå frå Åsen opp til kvilebua og kavlvegane. Dette kan vere dei aller minste, eldre eller personar med redusert funksjonsevne. Midtnorsk Gjeterhundlag har difor stilt parkeringsplassen sin til disposisjon for desse målgruppene mellom kl. 09.00 – 21.00 når dei ikkje brukar parkeringsplassen sin til gjeterhundtrening. Denne parkeringsplassen ligg langs same gardsvegen som HC-parkering på Galtmettet, retning Nordholten. Her blir det sett opp informasjonstavle med parkeringsanvisning som alle må vise omsyn til.

Tidspunkt det er forbode å parkere hos Midtnorsk Gjeterhundlag:

Tysdag kl. 16.00 – 19.00
Torsdag kl. 16.00 – 19.00
Søndag kl. 13.00 – 17.00

Med ønske om ein kjempefin tur!

Powered by Labrador CMS