Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

Laksefisket i fylket på historisk botnnivå
Laksefisket i Møre og Romsdal i 2024 vart som venta rekordlågt med 5,8 tonn laks fiska i elvene, og 1,1 tonn laks i sjøen. Til samanlikning vart det fiska heile 170 tonn laks samla i sjø og elv i fylket i 1983, skriv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i ei pressemelding.
– Fleire elver stengte fisket tidleg. Det påverkar fangstresultatet. Gytefiskteljingar tyder på at dette var nødvendig for å sikre nok gytefisk i dei fleste elvane. Sjølv med strenge tiltak vart det ikkje nok gytefisk i fleire elver, seier Geir Moen, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Han meiner at situasjonen er dramatisk.
Svært dårleg laksesesong
– Vi har eit stort tilbakesteg for mellom anna reetablering av laks i elvene i Raumaregionen, der situasjonen såg mykje lysare ut for eit par år sidan. Elvene i Romsdalsfjorden var særskilt svake med berre nokre titals laks fiska i dei beste elvene. Nordmørselvene hadde også ein svært dårleg laksesesong.
Moen fortel at også Sunnmøre har fleire sterkt reduserte bestandar, med enkelte lyspunkt der det var nok gytelaks.
– Størst fangst var det i Strandaelva med 348 laks på 1123 kilo. I vekt var Driva i Sunndal nummer to med 618 kilo og Vikelva på Bjørke nummer tre med 544 kilo. Åheimselva i Vanylven var nummer to i talet på fiska laks med 201 laks på 411 kilo.
Færre overlever i sjøen
– Hovudårsaka til den store tilbakegangen er at færre laks overlever i sjøen. I følgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning er lakselus den største menneskeskapte trusselen mot både laks og sjøaure. For laks spelar også andre tilhøve ute i havet inn. Det er viktig med effektive tiltak som reduserer den negative påverknaden på villfisk frå lakselus, samstundes som vi tek godt vare på vassdraga våre, seier Moen.
Les meir og sjå statistikk for laksefisket på Statsforvaltaren sine nettsider.