Blide deltakere på dansecamp. Bak fra venstre: Kristin Aasgård Langli, Oda Frigg Endregaard, Live Aakvik, Tina Sæterbø, Elida Sofie Fiske, Kristin Solem, Sandra Strand og Marte Dahl Andreassen. Foran fra venstre: Sunniva Haltli, Vilde Opeide, Vilde Solem og Frida Bergheim.

Høgt nivå på Surnadal dansecamp

Publisert Sist oppdatert

Kulturskulens nye danselokale i 97-bygget på Øye skuleområde har denne helga blitt overtatt av SKUV og Surnadal dancecamp. Med nasjonalt anerkjente instruktørar har Surnadals dansetalent fått ny inspirasjon og fleire trinn i repertoaret.

Litt bortgøymd frå resten av Laksedagane har SKUV inntatt kulturskulens lokale på Øye skuleområde, og her har det vore mykje kreativitet og læring denne helga. Frå før er dei godt markert utafor kulturhuset. Etter ein sniktitt på eit av kursa kan eg seie at her har det vore dans på eit høgt nivå, så får vi håpe at dei til neste år kan få vise fram kva dei har lært.

Sunniva Haltli (12), Vilde Holmvik Solem (17) og Kristin Holmvik Solem (27) var godt nøgde med kurset Heels/girlystyle.

Sunniva, Vilde og Kristin var godt nøgde etter at dei var ferdige med klassen Heels/girlystyle. Dei rosar instruktøren Vilde Opheim og seier at det er bra å lære noko nytt. Kristin fortel at det ikkje er så mykje tilbod for vaksne dansarar, og er glad for at SKUV arrangerte dansecamp. Vilde seier at det gir ny inspirasjon og at dei lærer noko nytt som dei kan ta med seg vidare. Ho seier at det er bra at det er spreiing på alder, det er noko for alle i danseklassane. Vilde kjem til å fortsette med dans nokre år til, medan Sunniva har ein draum om å kunne danse profesjonelt. Kanskje dansecampen var ein ekstra boost for å nå draumen?

Instruktør Vilde Opheim

Oda Frigg Endregaard frå SKUV seier at ideen om dansecamp kom frå Frida Bergheim. Ein dansecamp kan skape ein ekstra boost for dansemiljøet i Surnadal, og ho håpar at dansecampen har kome for å bli. Dei har hatt 57 deltakarar, og i snitt deltek dei på 2 klassar kvar. Nokre av dei deltek på heile seks klassar. Det er mange unge som deltek, men og nokre vaksne heilt opp i trettiåra. Sjølv deltek Ida på fire kurs samt litt administrativ arbeid.

Ho fortel vidare at det er positivt med aldersblanding på klassane, at dei yngre kan lære av dei meir erfarne. Dei kjem og litt utafor komfortsona med aldersblandinga, noko som er sunt for dei fleste. Oda kan ikkje rose danselærar Stine Valde nok; at Surnadal har ein slik ressurs i bygda er heilt fantastisk. Samarbeidet mellom SKUV, Stine og kulturskulen har vore viktig for at dansecampen har sett dagens lys. Oda håpar at dansecampen kan gje dei som har flytta frå Surnadal ein god grunn til å reise ekstra tidleg heim på sommarferie. Oda, som har vore lærar på Nordmøre folkehøgskole, flyttar frå Surnadal etter sommaren for å jobbe som assisterande rektor ved Voss folkehøgskule.

Oda Frigg Endregaard
Powered by Labrador CMS