Engasjement i Bøfjorden

Fire mennesker, to menn og to damer.
Styrar Mayse Hovde drømmer om ei god framtid for Coop-en! Her saman med Merkur-konsulent Stig Olson (frå venstre), ordførar Hugo Pedersen og (t.h.) styremedlem Gunnhild Vetleseter Bøe

- Vi vil bevare butikken vår!

- De viser eit imponerande engasjement! sa ordførar Hugo Pedersen til bøfjordingane under laurdagens folkemøte om framtida til nærbutikken.

Publisert Sist oppdatert

Med stor tyngde presiserte han kor viktig bygdebutikkar er i dag og i enda større grad vil bli det i framtida. - Bolyst, trivsel og behov for eit sosialt treffpunkt er i seg sjøl sterke argument for bua. Men i framtida kjem det til å handle om beredskap! sa ordføraren.

Ikkje råd til å miste

- Vi ser at klimautslag som ekstremt ver og ras skaper transportproblem og kan isolere bygder. Utrygghet med kriser og krigsfare vil bety at lokal tilgang på matvarer, vatn, utstyr og medisin blir livsviktig! Da vil butikken bety nødvendig hjelp og ressursar, sa Pedersen. - Vi har ikkje råd til å vera den forutan!

Butikksjef May Iren Dønheim Hovde tok opp dagens situasjon og utfordringar for ein nærbutikk som Coop Marked Bøfjord. - Vi har klart oss bra, ikkje minst takka vere god handel av sommarturistane. Men framtida kan bli utfordrande og kreve tiltak.

Mange mennesker rundt flere bord.
Litt av forsamlinga som vil bevare nærbutikken sin

Hybridbutikk?

Ho gjorde så greie for møtets hovudtema - spørsmålet om delvis digitalisering av drifta til såkalla «hybridbutikk». Kortversjonen av dette vil vera at butikken har redusert manuell ekspedering (6 timar dagleg), men at publikum ved bruk av app eller bankkort kan opne butikken, handle og betale digitalt når som helst 365 dagar i året. 

Dette krev noko ombygging og montering av mange overvakingskamera. Men erfaringane frå andre hybridbutikkar er gode. Sjøl om investeringane er betydelege, vil redusert bemanning totalt bety innsparing.

Merkur-støtte

Merkur-konsulent Stig Olson orienterte om Merkur-systemet. Det er ei statleg støtteordning for bygder gjennom såkalla butikkutvikling, som Coop Marked Bøfjord har hatt stor nytte av.

Merkur kan dekkje inntil 75% av ulike utviklingsprosjekt. Olson rådde Bøfjorden til å koma raskt i gang viss ein vil satse på digitalisering.

Ja til eigeninnsats

Styremedlem Hallvard Brusethaug la fram ein del kostnadsskisser. Ei total omlegging kan koma på 1,1 mill kr. Av dette håpar ein at Merkur kan dekkje 600.000 og Surnadal kommune 250.000. 

Om å skaffe til veie dei resterande 250.000 kom det mange optimistiske innspel frå forsamlinga - spleis, kronerulling og andre tiltak. Handsopprekking viste stor vilje til å satse på dette fellesløftet.

Frå styret lanserte Inge Dønheim ideen «Bøfjordbuas venner» - eit dugnadsforum for praktisk arbeid, idear og tiltak til beste for butikken si framtid. Mange meldte seg straks.

May Iren (Mayse) Dønheim Hovde vil halde god kontakt med kommunen og ordførar Pedersen.

Kan skje i løpet av sommaren

Mykje tyder altså på at Coop Marked Bøfjord vil satse på digitalisering slik møtet skisserte. Framdrifta går da via prekvalifisering hos Merkur, klarsignal frå kommunen, søknad til Merkur og deretter 8-12 vekers leveringstid og montering av utstyr.

Ut frå dette ligg det an til at du til hausten anten kan handle på gammelmåten midt på kvardagar - eller sjøl gjera digitale kjøp til andre tider når det passar.

Powered by Labrador CMS