Bøfjorden Historielag:
«Paa saadanne Bjørne»
Ei dyrehistorie utan sidestykke har si 250-årsmarkering på Nordmøre denne sommaren. Fæle fakta, mystisk folketru og ein stor helt fyller dramaet om «Mannbjønnen».
Midt på 1770-talet vart fem menneske i traktene rundt Bøfjorden drepne av ein og same bjørn. Hos folk har udyret fått namnet «Mannbjønnen». Her er udiskutable fakta kopla saman med den tids overtru.
«De troer at Mennesker kan omskiftes saavel til Ulv som til Bjørn og forteller herom mange fabler. Saadanne Bjørne kaldes Mandbjørne, og de paastaar at paa saadanne Bjørne bider ingen Kugler, men kun en Sølvknap», les vi i den samtidige «Nordmørs Beskrivelse».
Dette 250-årsminnet er søndagstema på Sjøbruksmuseet i Bøfjord-helga. Difor litt bakgrunnsstoff her.
Fem offer
Dei fem som vart offer for Mannbjønnen, var bonden Knud Olsen i Trodalen (truleg hausten 1774), ei jente på Dragset i Bøfjorden (13. mai 1775), 26 år gamle Gjertrud Larsdotter Henden (Valsøyfjord, også våren 1775), ei gjetarjente attmed Kalset i Bøfjorden (april 1776) og ein gjetargut i Åkvika (Halsa) litt seinare det året.
Dokumentasjon på desse hendingane finn vi i brev frå militærkaptein Johann Michael Meldahl til amtmannen, i den samtidige Dragsetvisa og i kyrkjebok for Aure 1775. Ekspertar i zoologi har slege fast at det må ha vore éin og same bjørn, med «abnorm åtferd», som utførte dei fem drapa.
Bjønnastøtta og Tølløv
Ved 150-årsminnet i 1926 reiste lokale ungdomslag Bjønnastøtta i Haugaskaret mellom Bøfjorden og Halsa. Koparplata på støtta fortel at «den djerve bjørneskyttaren Tølløv Person Foldal frelste desse bygdene frå rovdyrplagen og skaut Mannbjørnen».
Denne Skyttar-Tølløv (1712-1795) var landets fremste bjørnejeger og vart av nemnte kaptein Meldahl engasjert til fleire jaktekspedisjonar fram til hausten 1776.
Sølvkule?
Tradisjonen fortel at Tølløv og ein kamerat fann den såkalla Mannbjønnen i området ved Hjelmen nord for Settemsdalen. Og i tråd med «Nordmørs Beskrivelse» fall ikkje dyret for kameraten si blykule, men for sølvkula som Tølløv bruka!
Den «magiske» effekten i ei sølvkule er ikkje oppdikta på Nordmøre. Ti år før Mannbjønnen herja eit ulve-liknande beist («Bête du Gévaudan») i Frankrike. Det drap mange før det på ordre frå kong Ludvig 15 vart skote - med ei sølvkule, som dei sa. I «Gösta Berlings saga» fortel Selma Lagerlöf om den store bjørnen i Gurlita, som vart skoten med «en silverkula”.
Til spørsmålet om effekten av sølvkule kontra bly i ulike legeringar har eg ingen fasit. Men medan smeltepunktet for bly ligg på 327 gr Celsius, må sølv ha 962 grader – om det seier noko.
«Gaaet paa Biørneskytterie»
Sjøl om Tølløv skal ha sagt at den han skaut ved Hjelmen, berre var ein «litin tufs tå ein bjønn», trudde nok mange at mordarbjørnen no var drepen. Dette må ha vore sommaren 1776.
Likevel gjorde nok Tølløv jaktekspedisjonar også seinare. Den 2. november 1776 får nemleg han og dei tre bøfjordingane Ole Bøe, Ole Audensen Heggem og Joen Olsen Heggem betaling (1 Ort pr dag) for at dei «haver i 14 Dage gaaet paa Biørneskytterie».
Denne jakta begrunna Meldahl med at bjørnen «havde dræbt endeel Creature». Dei skaut ingen denne gongen. Og fleire drap av menneske hører vi heldigvis ikkje om. Så Mannbjønnen var definitivt teken av dage det året.
Mange framstillingar
Den mest komplette skriftlege framstilling av denne historia finn du i årboka «Gamle Nordmør» for 2020. Der står heile Dragsetvisa, dei samtidige breva og livshistoria til Skyttar-Tølløv. Også underskrivne si bok «Kring ein fjord» har fyldig presentasjon.
NRK- podcasten «Mysterier fra Norge - Mannbjørnen», Trollheimspodden og Jegerpodden har levande versjonar ein kan lytte til.
Ein liten musical regissert av Terje Ranes blir sett opp under Stangvikfstivalen no i august.
Avrundar Bøfjordhelga
På Sjøbruksmuseet under komande søndags avslutning av Bøfjordhelga blir Mannbjønn-historia rulla ut med fleire detaljar. Og merk deg: Der deltek 4x tippoldesønner av både nemnte Joen Olsen Heggem og av sjølvaste Skyttar-Tølløv!