Ove Øye, Helge Nilsen, Jon Magne Sæter, Geir Inge Lien og Hugo Pedersen

Styrking av kommune- og fylkeskommuneøkonomien viktig for Senterpartiet

Onsdag besøkte førstekandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal Surnadal. Her besøkte han først Eiksenteret i Røtet, før turen gikk til ALTI og Surnadal videregåande skule. Det var ordførar Hugo Pedersen som var vertskap for besøket.

Publisert

På Eiksenteret i Røtet fekk Lien og Pedersen ei orientering om avdelinga i Surnadal, men også litt informasjon om Eiksenteret Midt-Norge som avdelinga i Surnadal er ein del av. Økonomiavdelinga til Eiksenteret i Midt-Norge er lokalisert til Surnadal, medan Eiksenteret Midt-Norge har forretningsadresse i Trondheim 

Avdelinga i Surnadal har knapt tretti tilsette og omsette i 2024 for litt over 125 millionar. Totalomsetninga i heile Midt-Norge ligg på rundt 700 millionar. Så Eiksenteret er ein betydeleg aktør i lokalsamfunnet. Jon Magne Sæter, som eig halvparten av eigarselskapet Agri, avdelingsleiar Ove Øye og salgar Helge Nilsen orienterte om nybygget.

Nilsen kunne fortelje at salsstatistikken for nye traktorar så langt i år viste at Eiksenteret Surnadal har ein marknadsandel på 75 posent, noko som tilsvarer sal av 28 nye traktorar.

Satsar for framtida med nybygg 

Jon Magne Sæter, som eig halvparten av eigarselskapet Agri, avdelingsleiar Ove Øye og selgar Helge Nilsen orienterte om nybygget. Bygget er på nær 2000 kvadratmeter og har ein prislapp på knappe 40 millionar. I tillegg blir det brukt rundt 10 millionar på uteområdet, så totalt sett investerer dei nær 50 millionar.

Det har vore viktig å bruke lokale leverandørar i byggeprosjektet. Setra Drift er totalentreprenør, medan til dømes AS Elektro og Sveen Kjells VVS har vore leverandørar på sine områder. - 

– Dette med lokale leverandørar er god Senterpartipolitikk, kommenterte Lien.

Dei nye lokala er store og tidsriktige, og vil gjere kvardagen for dei tilsette mykje lettare fordi dei får større plass. Det nye bygget rommar ny stor butikk, kontor, møterom og eit stort verkstad med vaskehall. Alle tilsette gleder seg stort til anlegget blir teke i bruk for fullt siste halvdel av september.

Lien fekk også slått av ein prat med nokre av kundane som var innom i løpet av besøket, og her fekk han fleire konkrete innspel, som vi får sjå om han tek med seg vidare? 

Nybygget ved Eiksenteret

Lien understreka fleire gonger under besøket på Eiksenteret at Senterpartiet var ein garantist for busetting i distrikta og ein desentralisert skulestruktur, både i grunnskulen og på vidaregåande nivå.

Surnadal er kjøpesenterhovudstaden i Norge 

Etter besøket på Eiksenteret gjekk turen til ALTI og administrerande direktør Lars Ove Løseth. Løseth orienterte litt om ALTI og det faktum at Surnadal er norges kjøpesenterhovudstad. Halvparten av dei 250 største kjøpesentra i Norge er eigd eller administrert frå Surnadal kunne Løseth fortelje.

ALTI og Olav Thon gruppen har godt over 100 arbeidsplassar knytta til kjøpesenterdrift i Surnadal, noko som gjer dei to til ein betydeleg arbeidsgjevar i kommunen. Løseth gav ordførar Pedersen skikkeleg skryt for samarbeidet med kommunen, og da spesielt i samband med den føreståande renoveringa og utbygginga av hotellet.

Fra venstre: Lars Ove Løseth, Geir Inge Lien og Hugo Pedersen

Løseth spela inn tre konkrete forhold som er viktig for ALTI si verksemd. 

– Kampen om kompetanse, risiko ved gründerskap og eierbeskatning, sa han.

Løseth understreka også at differensiert arbeidsgjevaravgift og lik beskatning for norske og utanlandske eigarar er viktige faktorar for å skape og for å oppretthalde arbeidsplassar i distrikta.

Løseth var også klar på at kultur- og idrettstilbod, breitt vareutval og tilgang på attraktive tomter er viktig for å rekruttere tilsette og for å oppnå tilflytting til kommunen. Difor sponsar ALTI bevisst mellom anna kultur- og idrett sa Løseth.

Lien lova å ta med seg Løseth sine innspel inn til partiet sentralt, og til å arbeide for å legge enda meir til rette for næringslivet i distrikta.

Videregåande skule er viktig 

Siste stopp for besøket var på Surnadal videregåande skule. Her orienterte rektor Hilde Andersen Lien og Pedersen om studielinene ved skulen, og kva utfordringar skulen står ovanfor.

Surnadal videregåande skule er heilt avhengige av den såkalla «Trøndelagsavtalen», som gjer at elevar frå Heim og Rindal kan velje Surnadal som studiestad. Utan denne avtalen ville elevtalsgrunnlaget bli for lågt, og linjer ville ha blitt lagt ned.

Lien og Pedersen fekk også ei orientering om utfordringane for påbyggslina, som akkurat no er litt utsett, og står i fare for å bli lagt ned, noko dei to lova å arbeide mot.

Kva er viktig for Senterpartiet ved haustens val? 

Lien sa under besøket i Surnadal onsdag at for Senterpartiet er det viktig å styrke både kommune- og fylkeskommuneøkonomien. Dette for å oppretthalde dagens tenestetilbod i heile landet. Reduksjon i foreldrebetalinga i barnehagar er saman med reduksjon med 25.000 kroner for studentar som flyttar ut i distrikta etter endt utdanning er saker Senterpartiet vil vidareføre.

Senterpartiet vil også redusere etterslepet på vegvedlikehaldet på fylkesvegane, eit problem som er størst i distrikta. Så ein reduksjon av etterslepet hel vil vere god distriktspolitikk understreka Lien. 

– Vi har greidd dette på riksvegane, så dette bør vere mogleg også for fylkesvegane», sa han.

Senterpartiet er også mot å elektrifisere norsk sokkel, og vil heller bruke straumen på land. 

– I Møre og Romsdal har vi allereie eit kraftunderskot, og dette vil auke med ei elektrifisering av sokkelen», avslutta Lien.

Powered by Labrador CMS