Vårsøghelga:

dame i hvit kjole synger på scene
Herborg Kråkeviks versjon av Vårsøg blei godt teke imot av publikum.

Rørande avslutning på 30-årsjubileet

Herborg Kråkevik avslutta Vårsøghelga sitt 30-årsjubileum saman med TrondheimSolistene og barnekoret Amigos. Den nynorske utgåva av «Vårsøg» blei godt motteken av publikum.

Publisert Sist oppdatert

Anders Larsen og Ole Magne Ansnes opna med å sjå tilbake på eit flott 30-årsjubileum for Vårsøghelga, og ønskte publikum god fornøyelse med kveldens konsert.

to menn på scene med mikrofon
Anders Larsen og Ole Magne Ansnes takka for ei fin vårsøghelg!

Den viktigste songen i den nye songboka

Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene framførte eit variert og vakkert repertoar av songar frå Kråkeviks songbok, som kom ut i 2000.

Publikum, og kanskje særleg Herborg sjølv, var nok ekstra spent på framføringa av ein kjend og kjær song: nemleg Vårsøg.

strykeorkester og dame på scene

– Så no skal vi framføre den viktigaste songen i den nye songboka! sa Herborg.

Herborg har fått bruke Henning Sommerros melodi til Vårsøg, og Edvard Hoem har skrive diktet til Hans Hyldbakk om til nynorsk. Dette har det vore delte meiningar om, men versjonen blei utruleg godt teke imot av publikum. Stor applaus og våte augekrokar gav Herborg ei bekrefting på at versjonen var meir enn godkjend.

– Tusen, tusen takk. Oi, det blei eg glad for! Eg var litt redd for at det skulle kome litt tomatar og slikt, spøkte Herborg etter den varme applausen.

Herborg kråkevik i hvit kjole på scene

Ho fortalde at det fort kunne blitt litt komisk om ho skulle ha sunge Vårsøg på surnadalsdialekt, og gav samtidig publikum ein smakebit på dialektar frå sør til nord – noko som fekk salen til å gapskratte.

Herborg kjenner også til Surnadal og nokre surnadalingar frå før.

– Det er godt å sjå at nesten alt er slik som det pleier i Surnadal, Kjellaug er på plass. Da er det ein som veit kva fjell eg ser for meg. Desse fjella som Åsmund Olavsson Vinje skreiv om i dikta sine, og som Grieg sette musikk til, sa Herborg.

Jubileum på jubileum

Ho var glad for å kunne feire sitt eige 25-årsjubileum for Kråkeviks songbok nettopp under Vårsøghelga sitt 30-årsjubileum. Ho og TrondheimSolistene har samarbeidd mykje gjennom åra, og særleg har dei framført mange av songane frå songboka saman.

folk sitter og spiller på strykeinstrument
TrondheimSolistene har besøkt Surnadal mange gonger, og imponerer stadig publikum.
strykeorkester på scene

På piano hadde Herborg med seg Helge Lilletvedt, som òg har skrive fleire arrangement for TrondheimSolistene.

Helge Lilletvedt.

Herborg kunne òg røpe at det snart kjem ei ny songbok – eit prosjekt som konsertmeister i TrondheimSolistene, Alex Robson, har vore ein viktig pådrivar for.

Varm avslutning med Amigos barnekor

Mot slutten av konserten ønskte Herborg velkomen til scena barnekoret Amigos og leiaren deira, Bodil Kvam Aasbø. Dei berika musikken med sine nydelege stemmer.

barnekor synger med hvite gensere
Barnekoret Amigos berika konserten.
barnekor med hvite hettegensere
Herborg saman med barnekoret Amigos.

Heilt til slutt spurde Herborg om ikkje Anders Larsen ville bli med og spele på avslutningsnummeret. Det tok han på strak arm, og tok imot fiolinen og gjorde seg klar.

mann tar imot fiolin på scene av dame
Herborg baud Anders Larsen opp på scena til avslutningsnummeret.
orkester med strykeinstrument på scene

Ei fantastisk Vårsøghelg fekk ein rørande avslutning med Herborg Kråkevik, TrondheimSolistene og barnekoret Amigos. Vi gler oss allereie til neste år!

Powered by Labrador CMS