Mennesker graver for hånd en grøft langs veien
Stor oppslutning om dugnaden.

«Klagemuren» dukkar fram

Du treng ikkje dra til Jerusalem: «Klagemuren» finn du også på Bølandet! No stig han fram att etter mange år under torva.

Publisert

Til Bøfjordhelga i juli er den gamle treffplassen avdekt og og blir restaurert som arena for underhaldning og historiske tilbakeblikk.

To barn og voksne i bakgrunnen graver med spader
Ung innsats: Tuva (til venstre) og Selma hjalp også til.

Samlingsstad

Denne muren på Naustbakken attmed Coop-butikken på Bølandet, var samlingsstad i gamle dagar. Mest for mannfolka i bygda - kvar søndag og på kveldar når dei venta på «Dampen».

Samtalane gjekk om laust og fast, også om slikt som folk her i utkantbygda var misfornøgde med. Da vart «Klagemuren» det naturlege namnet. Etter kvart vart han mindre bruka og grodde meir og meir ned.

En traktor graver langs veien
Inge Dønheim med traktoren skufla unna.

Ryddedugnad

Under planlegginga av årets Bøfjordhelg, med Coop’en og Naustbakken som sentrum, kom ideen om å restaurere muren.

Og da den utrøttelege patrioten Inge Dønheim inviterte til ryddedugnad laurdag, var ikkje folk tunge å be. Dusinet fullt stilte med grev og spade, og etter ein halvtime var den lange muren oppe i dagen.

En mur langs veien
Muren kom raskt opp i dagen.

Trekkfullt «lokale»

Da Tidens Krav-journalisten Odin Kvendset besøkte det isolerte Bølandet (utan vegsamband) i 1938, skildra han nettopp ei slik mannssamling – eit «ting» – på Naustbakken.

Lokalet er riktignok litt trekkfullt, skriv han.
- Men det lot ikke til at deltakerne følte sig besværet av det. Det var langt fra kjedelig å stå der og høre på, for kjevene gikk uavbrutt - foruten skråtobakken var det nemlig adskillig som skulle tygges igjennem før møtet blev hevet!

Naustbakk-visa

Miljøet vart seinare gjenstand for ei vise, der det mellom anna heiter:

På bakkå oppfor nausta ligg ein gammel gråsteinsmur

snart nedgrodd punni grasa der han halla.

Her møttest gammelkaran når dem rukla seg ein tur

te tings – på Klagemura, så dem kalla.

Kvar søndags føremeddag da va tingjet jamnan sett

- og ørkankvelda, føre rutebåta.

Og da vart saker drøfta, stort og smått og rangt og rett,

og flokan dem vart løyst på mange måta.

Der kom det folk frå aust og vest – tå Bakkå og tu Or’n,

frå Stakknesa og gardå innpå Høgden.

Ja, somtid kom ’n Ludvig Geilå roand over fjorden

og villa prek om laust og fast tu bøgden.

Og no blir det altså nytt liv på og attmed den legendariske «Klagemuren»!

Et sort hvitt bilde med menn i dress foran den samme muren
Historisk: Søndagssamling attmed muren – truleg sist på 1950-talet.
Powered by Labrador CMS