Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Svak vind
Picasa

Vinterferie i sommarland

Etter 14 timar i fly frå Paris landa vi i Santiago i Chile, stive og støle, i lag med 30 andre nordmenn og rundt 450 andre passasjerar. Det var ei lang natt. Heldigvis fekk vi ein kvil på hotellet før turprogrammet starta.

Dette var meir ein studietur enn «sydentur». Arrangøren Temareiser i Fredrikstad lanserte turen som ein tematur – Sør-Amerika bak klisjeane – samfunn, kultur og historie. Tidlegare NRK-medarbeidar Arnt Stefansen var fagleg reiseledar og foredragshaldar.

Etter et foredrag om Chiles historie, hadde vi høgtideleg velkomstmiddag med Norges ambassadør i Chile, Hege Haraldsen, som sa litt om forholdet mellom Norge og Chile og svarte på spørsmål.

Den dyktige lokale guiden José (på øvste bildet) viste oss rundt i millionbyen som kan måle seg med dei største europeiske byane både når det gjeld vidde og høgde (på husa!).

Finansstrøket i Santiago har tilnamnet «Sanhatten» med sine skyskraparar.

Chile er eit moderne land med ein sterk økonomi, men det er mørke skuggar frå den nære fortida over landet med militærkupp i 1973 da den demokratisk valde presidenten Salvador Allende vart styrta og drept i lag med meir enn 3000 andre. I tida som følgde vart over 30 000 chilenarar fengsla og grusomt torturert under militærdiktaturet leda av Augusto Pinochet.

I 1990 vart Patricio Aylwin valgt til president ved demokratisk valg. President no er Sebastian Piñera. I mars tek sosialisten Michelle Brachelet over som president i Chile.

Frå høgda Cerro San Christobal hadde vi fin utsikt over millionbyen (ca 7 mill).

På veg til kystbyen Valparaiso med nabobyen Viña del Mar besøkte vi ein moderne vingard i Casablancadalen.

Valparaiso med Stillehavet i det fjerne.

Dessverre fekk vi ikkje stikke føtene i Stillehavet, men vi såg utover det frå lunsjrestauranten, og vi såg pelikanene stelte seg på berga.

Eit høgdepunkt var besøket på La Sebastiana, huset til Chiles nasjonaldiktar, Nobelprisvinnaren Pablo Neruda.

Siste dagen i Santiago hadde vi ny bussguiding rundt i Santiago. Da fekk vi gjennomgang av den grusomme historia til Chile etter militærkuppet i 1973.

Dette er "Stadion Victor Jara" Der den berømte songaren Victor Jara vart halde i lag med mange andre fangar. I dette bygget vart han torturert og drept.

Sterkast var nok besøket inne i rommet der den kjente songaren vart torturert og drept.

Vi besøkte også Museo de la Memoria y de los Derechos Humanos, eit nytt moderne museum via militæregimet og dei grusomme brudda på menneskerettane dei 17 åra diktaturet varte.

Sist på programmet stod besøk i Museo Precolombino som viste kunst og historie til det chilenske urfolket mapuchene, indianarfolket som på brutalt vis vart fråtekne landområda sine.

Mapuche til hest

Puente del Inca, ei naturleg steinbru 2740 m.o.h.

Vi kryssa Andesfjella komfortabelt med buss etter fin veg. Vi fekk spektakulær utsikt over dei majestetiske fjella som er så ulik våre. Det var snø på dei høgste toppane, sjølv om de er høgsommar her no.

Særleg flott var det å sjå Aconcagua som er 6962 m høgt og høgste fjellet i Andesfjella.

Unge fjell som framleis er i forandring.

Etter ein lang dags busstur og tidkrevande grensepassering kom vi fram til den argentinske vinbyen Mendoza. Da hadde vi kjørt gjennom vide vinmarker, og enda fleire fekk vi sjå når vi besøkte ein større vingard.

Må berre nemne det – der hadde vi ein utsøkt femretters lunsj!

På vingarden Bodega Norton utanfor Mendoza fekk vi både sjå og smake!

Nokre tankar Med/om vin ...

Denne byen har mange parkområder som skal vere tilfluktsområder under jordskjelv. Guiden fortalte at byen hadde 3 tre pr innbyggar i desse parkane. Bildet viser opne vatningsgrøfter som leda vatn rundt om i byen og vatna trær og parkar. Guiden sa ingen ting om kor ofte folk måtte hjelpast opp frå desse grøftene.

Etter ein halvannan times flytur frå Mendoza, landa vi i Buones Aires, Argentinas hovedstad og største by med ca 3 millionar innbyggarar og eit storbyområde på over 11 millionar. 

Der var vi over fire døgn, med foredrag om Argentina og hovudstadens historie, men også mykje tid for oss sjølve.

Buones Aires er absolutt ein storby!

...  ved Rio de La Plata.

Denne metallblomsten var bygd av flydeler. Den bevega seg og lukka seg om kvelden ved hjelp av hydraulikk.

Det var mange grøne lunger også i Buones Aires.

Eva Peron - Evita - er gravlagt i denne familiegrava.

Vi møtte også ein lokal "Gaucho".

Tango og fotball er dei to orda dei fleste tenker på når de hører om Argentina. Tangoshow fekk vi med oss, men ikkje tangokurs...

Ingen fotballkamp, men vi besøkte stadion til storlaget «Boca Juniors» der Maradona har spela. La Boca er ein spesiell fargerik bydel.

Tredje ordet mange tenker på i samband med Argentina er biff! Her får du dei største måltida og dei største biffane! På utflukt til ein gaucho-ranch utafor byen fekk vi sjå korleis dei grilla det berømte argentinske oksekjøttet, og vi fekk smake!

 

Turen var tettpakka med opplevingar, folk, natur, nær og fjern historie – noko som det tek lang tid å fordøye (det same gjeld biffane!).

Heimreisa nord og austover var lang og slitsam, men det var godt å sjå dei gamle, snøkledde fjella i syningom, den friske lufta og ikkje minst stilla. Bildet er teke frå toget over Dovre.

Helsing Kjellaug og Ole Trygve Foseide.

PS:

Vi hadde litt morro med namnet på busselskapet. (Det var ingen A..)

 

Tips en venn Skriv ut