ANNONSE:

4 skuespillere sitter i kostymer på en scene

Bonuskonsert før "Teatret vårt" lørdag 20. april

Laurdag 20. april kjem Teatret Vårt med si humoristiske hylling av NORSK SANGBOK. Før teatret blir det ein minikonsert i foajeen.

NORSK SANGBOK hadde premiere sist helg og Surnadal kulturhus er først ute på turneen rundt om i fylket. Ja, akkurat denne forestillinga frå Teatret Vårt går berre i Surnadal og Kristiansund på Nordmøre.

Romsdals Budstikke var på premieren og trilla ein 5-ar for det dei omtalar som både ein konsert og ei komedie, med «et forunderlig og absurd lett-dykk i den norske sang-skattekista».

Før dei entusiastiske skuespelarane inntek scena på kulturhuset, vil skulekoret på folkehøgskulen varme opp i foajeen frå kl. 18.30 med tre songar for alle som vil høyre på.

Her finn du meir om sjølve stykket, med både program og kva songar som blir framført: https://teatretvart.no/program/norsk-sangbok/

Powered by Labrador CMS