Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Flau vind
Picasa

- også i Mariager, Danmark!

Rinddalen

Vi såg på bykartet at det i den danske byen Mariager på Nordjylland sør for Aalborg var ei gate som heitte Rinddalen. Den måtte vi undersøke! Vi gjekk gjennom smale brusteinslagte gater i den gamle byen og til idylliske gangvegar i bustadstroka.

Rinddalen viste seg å vere eit relativt nytt bustadfelt i utkanten av byen, fram mot skråninga ned mot Mariagerfjord. Romslege tomter og store hus, somme med basseng i hagen. Det var lite som minte om vår Rindal, men koseleg likevel! Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som serie!

1-DSCN3213
Sentralt i Mariager ligg gamle Hotel Postgaarden
1-DSCN3217
Dette kunne jo vore det siste målet på reisa ....
1-IMGP7713
Mariager kallar seg
1-DSCN3218
Skeivt - skeivast
1-IMGP7732
Idyllist gangveg leidde oss til Rinddalen
1-IMGP7733
1-IMGP7737
Fine turstigar i denne Rinddalen også!
1-20120720_183550
Triveleg treff!
1-IMGP7736
Bustadane nedst i Rindalen
Tips en venn Skriv ut