Raudsildre ved stien til Strengen
Raudsildre ved stien til Strengen
Jon Bruset Gå til galleriet
Torsdag
Torsdag Lettskyet
23°
Lettskyet
Svak vind
Fredag
Fredag Delvis skyet
20°
Delvis skyet
Lett bris

"Rindalingen" Tone Damli Aaberge

Visste du at Tone Damli Aaberge har litt rindalsblod i årene?

Trollheimsporten har før skrive om fleire kjendisar som har slekt eller aner i Rindal. Men at Tone Damli Aaberge også har litt rindalsblod i årene, det visste du kanskje ikkje? Dei som er interesserte i slekt og slikt kan klikke seg vidare.

Trollheimsporten har før skrive om kjendisar med aner og slekt i Rindal.

- Roald Øyen, som har Øyen-namnet og farsslekta si frå garden Øyen i Løfall

Torger Nergård frå curling-landslaget. Far hans var rindalingen Inge Johan Nergård frå Berglund i Romundstadbygda

Ole Gunnar Solskjær. I siste årsskriftet til Rindal heimbygdlag kunne vi lese at ei av tippoldemødrene til Ole Gunnar Solskjær kom frå frå Friktrøa i Romunstadbygda.

 

 

 

Tone Damli Aaberge har også tippoldemor frå Rindal

Da skal vi til Austre Glennhaugen under Løset.

Dei fleste tilårskomne rindalingar hugser Gunnhild Løset, eller Gunnhild Glennhøga.
Gunnhild hadde ei eldre søster, Brit f. 1889, som er tippoldemor til Tone.

Brit vart gift med Lars Løfshus frå Meldal
Brit og Lars hadde tre barn:
Marit f. 1914 (oldemor til Tone), Einar og Olaf

Marit Løfshus vart gift med Karl Kroksæter. Dei budde på Løkken og har tre døtre:
Bodil f. 1936 (bestemor til Tone), Kirsten og Tove

Bodil Kroksæter vart gift med Jann Damli frå Løkken. Dei busette seg i Årdal og har barna:
Hilde f. 1957 (mor til Tone), Carl Henrik og tvillingane Frode og Brage

Hilde Damli er gift med Jon Aaberge. Dei bur i Sogndal og har barna:
Are, Tale og Tone Damli Aaberge f. 1988

 

 

 

Tekst: Anne S. (- som er søskenbarn til Tone Damli si bestemor, Bodil)

 Bilde til høgre: Tone Damli Aaberge på veg til laksefestival i Surnadal

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stumbleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no