Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Svak vind
Høgtun _650x435

Rindalingen Ola By Rise

I serien "Kjendisar med rindalsblod i årene" er vi i dag komne til Ola By Rise, kjent som fotballspelar og -trenar, journalist og bokanmeldar. Klikk deg vidare og les om kvar i Rindal slekta hans kjem frå.


Da skal vi til småbruket Høgtun i Lomunddalen.

 

Farmor til Ola By Rise var Ragna f. Høgholt, f. 1903,  frå garden Høgholt. Ho vart gift med Edvart Johanson Rise, f. 1901. Dei fekk frådelt parten Høgtun med dei gamle gardshusa frå hovudbruket Høgholt i 1923.

 

Ragna og Edvart Rise (Olas besteforeldre) hadde fire barn: Ingulv, Jostein, Egil og Solveig

 

Jostein Rise f. 1930 (far til Ola) vart gift med Audhild Marie By frå Trondheim. Dei bur i Trondheim. 

 

Audhild og Jostein Rise har barna: Ola f. 1960
                                                             Sverre f. 1963, d. 1983
                                                             Marit, f. 1966
                                                             Kjetil f. 1968
                                                             Øystein f. 1970

 

 

Ola By Rise er vel mest kjent som fotballspelar og fotballtrenar, men har også bakgrunn som journalist og bokanmeldar i Adresseavisa. Kona til Ola er biletkunstar Grete By Rise som har hatt utstilling både i Rindal og Surnadal.

 

 

 

Far til Ola, Jostein Rise, har hytte i Fossdalen der han brukar mykje tid om sommaren.

 

 I dag er det Øystein By Rise som brukar farsgarden Høgtun til fritidsbustad.
Høgtun ligg ved vegen mellom Nybø og Lomunda.

 

Les også:

Rindalingen Tone Damli Aaberge

Rindalingen Torger Nergård frå curling-landslaget.

Rindalingen  
Ole Gunnar Solskjær 

 

 

Tips en venn Skriv ut