Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
Polen - Arnfinn 073

Reisebrev frå Polentur

Ein av våre gode bidragsytarar har vore i Polen på, som han seier, «ein påspandert tur av eit velkjent postordrefirma». Han har sendt oss tekst og bilde frå turen og deler den med oss! Gjer det du også, skriv til redaktor@trollheimsporten.no!

Turen starta for mitt vedkomande frå Gardermoen etter ei togreise  frå Berkåk. Trondheim lufthavn er sikkert ein grei stad det, men ikkje for meg, lang køyring og dei hersens bompengane. Sjølve flyreisa blir også dyrare med tilslutningbillett då turen kun gjekk i frå Gardermoen.


Hotellet låg i Krakow, 8  kilometer i fra sentrum av byen.

Tidleg på ettermiddagen sist måndag var vi framme i Krakow og kom til ein by med mangeogtjue grader og høg luftfuktigheit. Vi var i Krakow heile ettermiddagen og fekk servert både lunsj og middag .

Tirsdag bar det til Auschwitz etter frokosten og dagen vart avslutta med ein jødisk aften i Kazimierz i Krakow med flott musikk.


 

Eit av dei kunstferdige trehuse som Zakopane er  så kjent for  

 

Onsdag etter frokost drog vi til Zakopane. Det var ingen som guida oss der. I den idylliske gågata såg vi fleire av dei eventyraktige trehusa, kunsferdig utsmykka med bratte tak og utskjæringar i tre.

Polakkane har også ein annan lafteteknikk enn vi har her heime.

Lunsjen var i Zakopane og middagen med folkloreshow var i Krakow.

Torsdag var det besøk i saltgruvene i Wieliczka og det var høgdepunktet på heile turen. Gruvearbeidarane forstod at jobben dei hadde var risikofylt  og derfor laga dei mange kapell i gruva slik at dei kunne be før dei gikk på jobb. Enklelte av desse kapella er fullstendig utskåre i salt og det mest spektakulære av dei alle er St. Kingas kapell.


 

Hotel Magnat reklamerte med kontinental frokost. det var en stor underdrivelse!

 

Lunsjen fikk vi ved sida av saltgruva i ein triveleg restaurant. Middagen vart servert i Krakow. Seinare på kvelden vart vi servert ein knøttliten rett på hotellet. Ingenting vart sagt ved bordet så kva denne serveringa skuldas fekk vi ikkje veta.

Fredag drog vi frå flyplassen, berre nokre få kilometer i frå hotellet. Den obligatoriske timinutter forsinkinga på flyet gjorde sitt til at ventetida på toget til Berkåk berre vart på knappe tre kvarter.

Kan vel  legge til at turen var "påspandert" av eit velkjend postordrefirma i tillegg til at Tom-Kenneth ifrå Namskogan var ein flink og triveleg guide.


 

Arnfinn Løfaldli

 

Tips en venn Skriv ut