Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
klasserom sigurd bruk_1024x765

Tema: Skulen her i England

Reisebrev frå familien Fagerholt i Lancaster

Her kjem eit lite livsteikn frå oss her i Lancaster igjen. Skulane er ein viktig del av ungane sitt liv her i England. Vi var veldig spente på korleis dette ville fungere, for dersom ungane ikkje fann seg til rette på skulen, ville det bli veldig vanskeleg å bu her. Heldigvis har dette gått bra, begge har funne seg vener og trives bra, sjøl om dei sjølvsagt saknar venene heime. Her ser vi frå klasserommet til Sigurd.

Skuledagen
Skuledagen er ganske lang, frå 9 til 15.30 kvar dag. Midt på dagen har dei ein times lunch, der dei kan ete nistepakke eller kjøpe seg varm lunch for ein billeg penge. Skuleåret startar ca 5. september, sluttar ca 20 juli og er delt opp i tre semester. Dei har akkurat like mange skuledagar som i Norge, men feriane er fordelt på ein litt annan måte: to veker i jula og påska og ei veke i oktober, februar og juni. Skulane tilbyr mange aktivitetar etter skuletid, for eksempel forskjellige idrettar, sjakk, matte, grønsakdyrking, brettspel, dans, filmlaging, sjølvforsvar mm.

Til høgre frå klasserommet til Sigurd. Frå klasserommet til Sigurd. Som de ser er temaet regnskogen. Etter påske er temaet Dei gamle grekarane, skal tru korleis dekorasjonane blir da! Til venstre Christ Church - Curch of England Primary School, skulen til Sigurd.

Heime var ungane vant med å gå utan sko inne, og dusje etter gymmen. Her går ungane i same skorne både ute og inne, sko som kan ha vore borti hundeskit på veg til skulen, for hundeskit er det over alt, også på fortaua. Inne er det teppegolv over alt, og i ein stor del av timane sitt dei på golvet, i alle fall på skulen til Sigurd. Ikkje så hygienisk, etter norske forhold. På skulen til Sigurd har dei ikkje garderobe i det heile tatt, dei skiftar til gym i klasserommet og i gangen, og det er sjølvsagt ikkje snakk om noko dusjing. På skulen til Amund har dei garderobe, men ikkje tid til å dusje før neste time. Etter gymmen er det berre å skifte på seg uniformen att, og sprute på deodorant og parfyme for å døyve den verste lukta.

Skulefaga
Ingen av skulane opererer med lærebøker, så det er ikkje enkelt å følge med på kva dei held på med for oss foreldre. Forventningane til oss foreldre går meir på å sikre at ungane møter på skulen, at dei er bra kledd og at dei oppfører seg, mens ein heime i Norge ofte føler at ein i tillegg har meir ansvar for å lære ungane stoffet gjennom alle leksene dei får på skulen. Her er lekser berre ein liten del av læringa.

Til høgre elevane ved skulen til Amund på veg ut frå skulen.

I primary (opp til 11 år) jobbar dei med eitt tema i kvart semester. Før jul var det Victoriatida. Da las dei Oliver Twist av Charles Dickens, snakka mykje om boka og skreiv eigne tekster inspirert av Dickens. Dei var på teater om Victoriatida, og lærte mykje om samfunnet i England i den perioden. No fram til påske er temaet regnskogen. I denne perioden har dei lese Kenzukis Rike av Michael Mopurgo og skreve tekster sjølv inspirert av denne boka. I det heile er det veldig fokus på skriving. Kvar torsdag er det «big talk», da får dei utdelt eit tema som dei skal snakke om heime, og fredagen er det «big write», da dei skal skrive om temaet. Veldig utviklande for ungane, men må vere trasig for dei som ikkje liker å skrive.

På secondary (11-16 år) er arbeidsmåten meir likt heime (trur vi), men på skulen til Amund er det meir fokus på kunstfag enn det vi er vant til heime. Han har hatt to kunstprosjekt heime der han skulle samanlikne forskjellige kunstverk og lage eige arbeid inspirert av kunstnarane.

Både på primary og secondary deler dei elevane inn etter nivå. På primary sit elevane på bord etter nivå, og dei kan sitte på ulike bord etter kva fag dei har. På secondary er det klassar etter nivå, og i løpet av året kan elevane ta testar og kome i nye klassar dersom nivået har endra seg. Kvar elev har sin eigen timeplan tilpassa sitt nivå. Vi har inntrykk av at dette fungerer bra, ingen blir uthengt for å vere på eit spesielt bord eller i ein spesiell klasse, og det verkar som ungane tykkjer det er fint å jobbe saman med andre som er på same faglege nivå.

Evaluering av elevane
Ungane får karakterar heilt frå første klasse. Karaktersystemet går frå 1 til ?, og kvart alderstrinn har sitt nivå som dei bør vere på. På denne måten jobbar ungane seg oppover i karaktersystemet frå år til år, etter kvart som dei gjer framsteg. På oss verkar dette som eit motiverande system, ungane måler seg meir mot seg sjølv enn slik systemet er hos oss.

Til jul fekk elevane på secondary utdelt evalueringsskjema som fokuserte på fem faktorar: oppførsel, innsats i klassen, gjennomføring av heimearbeid, karakter som burde vere oppnåeleg for den enkelte eleven i løpet av året og innsats. Vi opplevde denne måten å evaluere ungane på som veldig positiv og motiverande for vidare innsats.

På secondary har elevane ein ny lærar for kvart fag. Vi var i utgangspunktet veldig skeptiske til dette systemet, men det synet endra seg etter parents´evening. Da fekk vi møte alle 13 lærarane Amund forheld seg til, og dei hadde ein slik kontroll på kvar elev, og gav så grei tilbakemelding at vi vart skikkeleg imponert.

Eller er det veldig fokus på oppmøte her. På secondary har dei ein eigen attendance officer – ein person som har ansvar for å følge opp fråvær. Dersom ein elev er borte frå skulen utan at det er gjeve beskjed, får foreldra ei tekstmelding frå attendance officer med beskjed om å gjere greie for fråværet. Kan ikkje foreldra gjere greie for det, kan det hende at attendance officer dreg ut for å hente inn eleven. Elevane blir belønna med ein uniformsfri dag dersom dei har 100% oppmøte i eit semester.

Til høgre Central Lancaster High School, skulen til Amund.

Skryt er og noko skulane er god på her, gjerne for ting som vi tykkjer bør vere sjølvsagt. For eksempel får dei diplom for å ha gjort leksene sine både på primary og secondary!

Skulen og idretten
Alt da vi var over for å sjekke ut skular i oktober 2010, fekk vi inntrykk av at idrett var viktig for mange av skulane. Skulane har idrettsarrangement og turneringar seg imellom, og på besøka våre fokuserte fleire skular på alle trofea dei hadde frå skulekonkurransar.

Skulane tilbyr mange idrettar som after school activities (fotball, rugby, dodge ball (ein slags kanonball), net ball (ein slags basketball for jenter!!!), hockey, cricket, tennis). Skulane våre ungar enda på, har ikkje spesielt fokus på idrett, men begge tilbyr eit variert utval av after school activities. Men at fokus på idrett er større andre plassar, fekk vi verkeleg sjå forrige helg.

Kvart år vert det arrangert skulemesterskap i terrengløp for 5. og 6. klasse frå skulane i Lancaster, Morecambe og landsbyane rundt. Sigurd har vore med på ein del terrengløp gjennom løpeklubben no i vinter, og representerte skulen sin, Lancaster Christ Church C of E Primary School no i helga. Skulemesterskapet er ein stor happening og har vore arrangert i fleire tiår, og i år deltok elevar frå 35 skular!

Heile arrangementet var veldig overveldande. I Sigurd sitt startfelt var det heile 216 ungar! Startområdet var ikkje særleg breidt, så det heile var ganske kaotisk. Mange skular har løpeklubbar og eigne drakter og hadde tydelegvis trena spesielt opp mot dette løpet. Desse hadde litt struktur på korleis dei skulle stille opp i startfeltet for å få ein god posisjon. Sigurd sin skule hadde derimot ikkje noko opplegg for dette, og han fikk derfor ein dårlig startposisjon midt i ”mølja”. Han fekk ingen god start, og var ikkje eingong mellom dei 40-50 første etter 2-300 m.

Løypa var ca 1 mile på tungt underlag med gras, gjørme og mykje bakkar. Halvvegs i løpet var Sigurd oppe på ein 5. plass. I innspurten greidde han å ta igjen ein til, og han kom dermed på ein fin 4. plass, ca. 10 sekunder bak vinnaren. Dette var det beste resultatet for skulen hans nokonsinne.

Heldigvis var det premiering til dei fire første i dette løpet, så det var ein fornøgd Sigurd som kunne reise heim med trofé etter løpet. I tillegg fekk dei fire beste skulane i kvar klasse premie.

Det var alt for denne gong, no går det fort mot sommar, og før vi veit ordet av det, er vi tilbake hos familie og vener i Rindal.

Under startfeltet på skulemesterskapet i terrengløp, lenge før alle dei over 200 deltakarane hadde fått stilt seg opp; og Sigurd med skikkeleg trofé for fjerdeplassen!

 

Tips en venn Skriv ut