Prest preker ute
Hans Arne Akerø preika under open himmel denne dagen

Påskesamling på Tjønnmyran

Todalingane møtte mannjamt opp til friluftsgudstenesta på Tjønnmyran andredag påske.

Ein over tjue år gammal tradisjon med slik messe fungerer altså godt. Og alltid har veret vore brukbart – til dels strålande. (Ein einaste gong har ein flytta inn i kyrkja på grunn av spådd regn – berre for å oppleva strålande solskin gjennom glaset! )

Forsamlinga fann seg godt til rette

Dei tre siste åra har gapahuken på Tjønnmyran uansett sikra tak over hau – slik også denne gong.

Sokneråd og konfirmantar

Leiar Borghild Talgø, John Moe og dei andre i Todalen sokneråd har hatt mange vendingar med tilrettelegginga – som var nær det perpekte. Tre konfirmantar – Markus, Nicole og Sivert – hjelpte til med klokkeringing, utdeling av program og servering av pølser, kaffe og sjokolade etter gudstenesta

Dame åpner gudstjeneste
Soknerådsleiar Borghild Talgø opna gudstenesta

Siterte kongen

Vikarprest Hans Arne Akerø gjorde teneste saman med bøfjordingane Randi og Bernt Bøe, soknerådet og konfirmantane. Oppstandelsen er sentralt tema i påska. Presten siterte kong Harald på at når Jesus er «oppstanden», betyr det noko ganske anna enn vårt daglege «å stå opp». Kanskje vil framtidig bibeltekst seie at Jesus er «reist opp» frå dei døde, antyda Akerø.

Storarta salme – med tone frå Halsa

Han løfta elles fram Kingo-salmen «Som den gylne sol frembryter» - der barokkens kontrastspråk uttrykkjer mykje vesentleg om påskeunderet: «Gyllen sol» mot «kullsort sky», «stråleglans» mot «natt og mulm», «påskemorgenrøde» mot «dødens hav». Og med sitt 7-foldige takk samlar diktar-biskop Kingo heile kristentrua i sluttverset!

Halsa-tonen i salmeboka (etter Johanna Taknes) gjer salmen til påskeuttrykk på høgaste plan, og den tona friskt utover Talgøymarka denne dagen – der også vaknande liv i vakker natur understreka påskehøgtida.

Powered by Labrador CMS