Et sangkor i ei kirke.
«Hallelujakoret» frå Messias var blant P17 sine høgdepunkt i årets Påskesongmesse.

Godt besøkt påskesongmesse

Langt over hundre besøkte Åsskard kyrkje under påskesongmessa langfredag.

Publisert Sist oppdatert

Koret Prosjekt 17 framførte variert påskemusikk og scenebilete frå Bibelen - i tett samspel med liturg Torbjørn Brøske, klokkar Randi Bøe, fiolinist Synnøve Hammervold og fløytist Tove Elin Strand.

Høgtidsvandring

Programmet var ei bibelsk og musikalsk vandring gjennom høgtida frå palmesøndag via skjærtorsdag og langfredag fram til påskemorgon. I sin andakt, forma som tekstmeditasjon, reflekterte Torbjørn Brøske over kva innhaldet i denne veka betyr – også for oss i dag.

En prest i ei kirke.
Torbjørn Brøske sette programmet inn i den store samanhengen.

Musikk frå «Messias»

Randi Bøe sine bibellesingar vart understreka ved tilsvarande salmar og klassisk vokalmusikk - mest henta frå Handels «Messias». I «Hyrdearien» skildra damestemmer frå koret Jesus som den gode hyrdingen. Solist Turid Røen Kroknes gav ei djupfølt tolking av Jesu lidelse i arien «Han var fornedret», spontant supplert av korsatsen «Sannelig - straffen lå på ham for at vi skal ha fred». Og det mektige «Hallelujakoret» vart uttrykk for påskegleda.

Instrument gav tonefølgje

Det innleiande «Hosianna» av Olivers og «Ave verum» (Heil deg, Herrens sanne lekam) av Elgar var også musikalsk formidling av sentrale ledd i messa. Dertil krydra koret allsongen med sine kantoristemmer. Fløyte, fiolin og piano (Bernt Bøe) gav klangrikt tonefølgje til salmar og korverk.

En prest med et kors i ei kirke. To personer ved siden av og en person bak i koret.
Scene frå «Jesu Sju Ord på Korset»: Maria Vetleseter Bøe, Torbjørn Brøske og John Moe ved korset. Tekstlesar er Randi Bøe.

Scenisk og fornyande

Evangeliesekvensen «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» fekk ei enkel scenisk ramme, og salmen «Dine hender er fulle av blomster» vart til pantomime med vekselsong i kor og forsamling.

Damer i korkapper med roser i midtgangen på kirka.
«Nei, det trengs ingen blomster til graven» lydde allsongen. Da kunne jo Marie Skjerdal (nærast) og Astrid Hyldbakk gi rosene sine til publikum!

Utanom bibel- og salmetekster var ny, gripande poesi av Arnold Eidslott fletta inn i programmet gjennom korsong og diktlesing.

Fullsatt kirke.
Ja - tittelen stemmer: Her var det godt besøk!

Kveldsmåltid

Kari Johanne Aarnes og Jane Nordstrand Svensli frå soknerådet hadde smurt brødskiver og sørga for mat og drikke til storselskapet i Kyrkjestua etter endt program.

Powered by Labrador CMS