ANNONSE:

«Slik eg hugsar det» i nytt opplag

Johs. J. Vaag har fått trykt opp eit nytt, lite opplag av livshistoria si, boka «Slik eg hugsar det». Boka er på 766 sider med stiv perm.

– Her er det kome med alt eg har vore med på opp gjennom åra. Oppvekst og barndom i Aure. Skolegang, militærliv, arbeidsliv, idrett av mange slag, frivillig humanitært arbeid, samt politisk aktivitet som ordførar, fylkestingsrepresentant og kommunestyrerepresentant. Som pensjonist har arbeidet for dei eldre vore hovudinteressa, seier Vaag.

Boka er utgjeve på eige forlag og kan kjøpast gjennom forfattaren.