Trollheimstankar

Ord til trøyst

Hei, Baard! Har du ein tekst eller eit dikt du vil dele med lesarane i Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Lukta av kaffe og nysteikte maskinbrød, adventspynta stue og ein logrande border collie under bordet, det er førjulsstemning på Øyabakkan på Svean og koseleg å komme på besøk til Baard Løfaldli og Elisabeth Mo.

På spisebordet ligg det nokre bøker, og i handa har Bård eit ark der han har skrive ned fleire sitat og utdrag frå dikt han vil dele med oss.

Legetabbe

"Livet er som en skoledag med sorg og gleder som hovedfag. I gledens time er det best å være, i sorgens time er det mest å lære." (ukjent forfattar)

Baard Løfaldli er uføretrygda og difor ikkje i fast arbeid. Han fekk varige men etter ein operasjon.

- Ein legetabbe både under og etter operasjonen gjer at eg har problem med korttidsminne og arbeidsminne, fortel Baard. Sorga over å miste arbeidsevna var stor. Takka vera Bitten fekk eg tankar, krefter og motet til å søkje erstatning, og det fekk eg.

Det har vore tøft, både psykisk og fysisk, men Baard har halde seg i aktivitet. Han er avløysar for Bernt Ole Moen, hjelper naboane Helga og Harald Krangnes med saueleiting og driv med birøkting og vedlikehaldsarbeid heime på Svean.

- Eg held ut i tre timar, men da er det stopp, forklarer Baard.

Sidan han har dårleg husk har han utvikla ein teknikk som gjer at han hugsar betre.

- Det står ein kommode på loftet som eg brukar visuelt. Kommoden har overlevd to ekteskap og er godt inn i det tredje, ler han. Den har tre skuffer og kvar skuffe representerer ulike grupper av menneske eg kjenner, familie, vener og så vidare. Så har eg ting i desse skuffene som eg forbinder med dei ulike menneska. Slik hugsar eg betre.

Sakn

"Kor uendeleg mykje fattigare hadde eg vore dersom eg ikkje hadde kjent saknet etter deg." (ukjent forfattar)

Baard fortel at han har opplevd å sakne mange gonger i sitt liv, han har også trøysta andre som har sakna nokon.

- Da borna mine flytta til Austlandet ein periode kjente eg mykje sakn. Da var desse orda ein trøyst. Tenk på dei som ikkje har nokon å sakne!

- Det fins mykje trøyst i slike ord, og ein kan venda det vonde til noko godt, seier Baard.

Ein trollmann med ord

"Av og til er jeg nødt om

å ta livet mitt med på

en aldri så liten luftetur." ( Frå "Tilståelse" av Hans Børli)

I tenåra så Baard et intervju av Hans Børli på fjernsynet. Diktaren sat godt lent bak i stolen og røyka pipe medan ein meir framoverlent Erik Bye intervjua han. Etter det har Baard vore fan.

- Han las dikta sine på ein måte som fasinerte meg, fortel Baard. Tenk å vera ein slik trollmann med ord. Han brukar så enkle ord, men med dei får han til å skildre noko stort.

Hans Børli er frå Finnskogen, og kjem frå nabokommunen til barndomsheimen til Elisabeth. Ho kjenner godt igjen stemninga i dikta hans.

- Det er mykje melankoli i Finnskogen, fortel ho. Det er nokre mørke strenger i oss som må matast.

- Når ein les dikta av Børli er det som å vera tilstades der han er. Han har så gode måtar å uttrykkje seg på, fortsett Elisabeth. Eg ser det for meg. Så er vi frå same skogen og da, eg og Hans Børli, seier Elisabeth.

Nye vegar

"Vi sliter for å leve, men før vi veit ordet av det, så lever vi for å slite." ( Frå "Arbeidsfolk" av Hans Børli)

Tida etter at Baard vart uføretrygda var vanskeleg både for han sjølv og dei rundt han. Baard søkte hjelp.

- Eg måtte få hjelp til å takle den nye kvardagen min, seier han. Da folk spurte meg om korleis det gjekk og kva eg held på med, svara eg " Eg er arbeidsufør og hjerneskadd". Stemninga i samtalen vidare vart negativ og dryg.

Baard fekk hjelp av ein psykolog som fekk snudd situasjonen hans på hovudet.

- Psykologen sa at eg måtte sjå på alle moglegheitene og ressursane eg faktisk hadde. Difor fekk folk no eit anna svar når dei spurte kva eg gjorde og korleis det gjekk. " Eg er småbrukar, birøktar og frilansar, eg no" svara eg dei no.

Svinnande kort stund

- Alle har tøffe periodar i livet, da er det godt å finne trøyst i ord og vera saman med dei du er glad i , smiler Baard.

Å, flytt deg nærmere inn til meg

her på kjøkkentrammen!

Den er så svinnende kort den stund

vi mennesker er sammen. ( Frå "Junikveld" av Hans Børli)