Kjellaug Brørs

Kjellaug (82) braut begge beina – Eg gler meg til å kunne gå på fjelltur igjen

Publisert

Kjellaug Brørs frå Surnadal er ei aktiv og sprek dame. 82-åringen er svært glad i fysisk aktivitet ute i friluft, både til fots og på ski. Nokre gongar tek ho turen saman med sin mann, Styrkår (88), andre gongar åleine.

Fredag før palmehelga var veret fint. Vêrmeldinga for resten av helga var dårleg, så Kjellaug bestemte seg for å utnytte finversdagen til ein skitur til Løålikjølen på Nordmarka. Styrkår ville vere heime for å halde på med vedarbeid.

- Eg er så glad i å gå på ski, og har vore på Løålikjølen minst ti gongar i vinter, seier Kjellaug.

Skituren fredag 8. april skulle bli langt meir dramatisk enn forventa for skientusiasten. Kjellaug parkerte bilen på parkeringsplassen og tok på seg felleskia ho fekk til 80-årsdagen.

- Heilt i starten av løypa er det ein liten nedoverbakke. I dumpa av bakken losna bindinga på venstre fot, og eg stupte framover. Eg er beinskjør, og forstod med ein gong at det var brot i lårbeinet på venstre side. Beinet stod i feil vinkel, og eg hadde skikkeleg vondt. Eg hadde også smerter i høgre ankel, seier ho.

Det første Kjellaug tenkte på, var å ringe heim til Styrkår.

- Eg ringte han før eg ringte 113. Vi bor på Skei, så eg tenkte han kunne gå til ambulansen for å bli med til Nordmarka og hente bilen, seier ho.

Få minuttar etter uhellet kom ein skiløpar ho til unnsetning.

- Eg vart så glad da Ingveig Nordvik-Bergstad dukka opp. Ho sprang og henta pledd og sitjeunderlag til meg så eg ikkje skulle bli kald. Ho sette seg ned ilag med meg, slik at eg fekk støtte til ryggen. Styrkår meinte det såg koseleg ut da han kom, smiler ho.

Ambulansen var raskt på plass, og Kjellaug vart frakta til Orkdal sjukehus.

- Fredag kveld låg eg fire timar på operasjonsbordet. Legen sa det var eit av dei mest kompliserte lårbeinsbrota han har operert. Det vart operert inn ei titanskinne og fire skruer, seier ho.

Dagen etter sa Kjellaug til legene at høgre ankel var skikkeleg vond.

- Eg var sikker på at det var noko som ikkje stemte, og eg hadde rett. Røntgenbilda viste brot på begge sider av ankelen, og dermed vart det ny operasjon seint søndag kveld. I ankelen vart det operert inn ni skruer. Det vart ein lang palmesøndag, seier Kjellaug.

Kjellaug må finne seg i å sitje i godstolen i mange veker framover

Kjellaug låg på sjukehuset gjennom heile påskehelga.

- Eg låg inne og såg på det flotte veret i 12 heile dagar. Heldigvis kom det mange på besøk, og det er eg veldig glad for. Eg strikka og las bøker, så dagane gjekk greitt. Men det var godt å kome heim, seier ho.

Kjellaug er avhengig av rullestol i nokre veker framover, og heimesjukepleien kjem innom to gongar kvar dag.

- Høgre fot kan eg ikkje belaste i det heile tatt på 6-8 veker. Venstre fot kan eg belaste med halv kroppsvekt. Det er veldig fint å kunne få hjelp frå dei dyktige pleierne i heimesjukepleia i Surnadal kommune. Dei er gull verdt, seier ho.

12 beinbrot stoppar ikkje Kjellaug

Kjellaug fekk diagnosen beinskjørhet for 25 år sida, og har til saman hatt 12 beinbrot. Berre ein gong tidlegare har uhella ført til at ho måtte bruke rullestol.

- Utruleg nok så skjedde det på same tidspunkt som no – fredag før palmesøndag i 1993. Den gongen fall eg på ski ved Svartvatnet medan eg gjekk Nordmarksrunden. Eg var åleine, og mobiltelefon fanst ikkje. Med brot i leggbeinet gjekk eg 5 kilometer til skisenteret, seier ho.

Kjellaug arbeidde som lærar på Surnadal ungdomsskule, og hadde ein klasse som skulle opp til eksamen i engelsk våren 1993.

- Det var viktig for meg å følgje opp elevane, så sjukmelding var uaktuelt. Eg tok i bruk rullestol og var på arbeid. Eg huskar at elevane var så snille med meg, gutane kom og henta meg i rullestolen, smiler ho.

12 beinbrot har ikkje stoppa Kjellaug.

- Eg har ein sterk vilje og ein sterk kropp, så eg har trena meg opp igjen. Det har eg tenkt å gjere denne gongen òg. Målet er å kome seg på Telstadfjellet i løpet av hausten, seier ho.

Telstadfjellet, som ligg 580 moh., har ein heilt spesiell plass i hjartet til Kjellaug og Styrkår.

- Det er ein tur vi likar veldig godt. Vi har hatt eit mål om å gå 50 turar dit kvart år, og det har vi stort sett klart, seier ho.

Favorittfjellet ligg derimot i Trollheimen.

- Eg er veldig glad i Surnadals høgaste fjell, Snotå, som ligg 1669 moh. Der har eg vore 36 gonger, seinast for to år sidan. Da var Styrkår med også, seier Kjellaug.

Kjellaug var også svært aktiv i turorienteringa som Surnadal IL arrangerte i mange år.

- I 20 år vart det lagt ut 12 trimpostar rundt omkring i distriktet vårt. Det er berre to personar som har vore på alle postane; Åse Snekvik og eg. Det vart nesten som ein besettelse for meg, smiler ho.

Styrkår (88) er til god hjelp for Kjellaug - Eg arbeider for tida i halv stilling som sjukepleiar, smilar han

Motivert for opptrening

Kjellaug vaks opp i Jondal i Hardanger, og har vore glad i fjellet i heile sitt liv.

- Da eg kom hit til Surnadal i 1963, var eg ikkje særleg imponert over fjella. Eg var vant til at fjella stupte ned i Hardangerfjorden, men her var det flatt. Da introduserte Styrkår meg for Knykjen, og brått var ikkje Surnadal så flat lenger, ler ho.

Tida framover blir ei tolmodsprøve for den aktive jondølingen.

- Eg skal gjere mitt beste for å ikkje bli altfor sur. Eg er heldig som har ein dyktig og tolmodig mann, og vi har mange gode naboar. Det er klart at dagane kan bli lange, særleg fordi eg ikkje er vant til å sitte stille så lenge. Eg får tida til å gå ved å lese bøker, løyse kryssord og sudoku, og strikking. Så får vi håpe at veret blir fint, slik at eg kan sitte på verandaen, seier ho.

No ventar ein lang opptreningsperiode for Kjellaug. Ho er ved godt mot, og gler seg til å kome seg på beina igjen.

- Det skal bli godt å kome i gong med fysioterapi og trening. Eg er sta, og skal legga ned innsatsen som trengst for at dette skal gå bra. Eg lengtar etter å få gå tur i naturen, og få gjera daglegdagse ting i leilegheita vår. Ikkje minst gler eg meg til å få bake brød igjen. No må vi kjøpe brød i butikken, og det er ikkje like godt, smiler Kjellaug.

Powered by Labrador CMS