På oppfordring av sokneprest Kristin Strand møtte konfirmantane både på dugnaden og møtet. Her pustar dei ut etter innsatsen på kyrkjegarden!

Våronn og liturgimøte i Åsskard

Tre generasjonar åsskardbyggjer gjorde våronn og rydda rundt kyrkja si måndag kveld. Etterpå vedtok dei liturgien for åra som kjem.

Publisert

Heile ettermiddagen møtte folk med river og tok sine økter med lauvraking og rydding på dei tre gravstadene ved Åsskard-kyrkja.

I kveldinga møtte vi konfirmantar, foreldre og pensjonistar som la siste hand på verket og gjorde kyrkjeområdet klart til den komande nasjonaldagen.

Liturgi omtrent som før

Dugnadskvelden munna ut i annonsert soknemøte. Her la soknerådet fram årsmelding og rekneskap for fjoråret – med einstemmig godkjenning.

Hovudposten på møtet var tilrådinga til revidert gudstenesteliturgi – ei sak som alle sokn i landet tek stilling til denne våren. På grunnlag av innstilling frå ein lokal komite for Stangvik, Todalen og Åsskard sokn vedtok møtet at framtidig ordning for hovudgudstenesta i Åsskard blir nesten identisk med den noverande frå 2012. Dei einaste vesentlege endringane er ny ordlyd i syndsvedkjenninga og felles lesing av eit ledd i nattverdliturgien.

Deltakinga i soknemøtet var relativt liten, men samla sett aktiviserte dugnadskvelden rundt tretti eldre og yngre. Mellom desse var ei viktig gruppe framtidige kyrkjebrukarar, konfirmantane, med både på onna og i møtet etterpå.

Aktiv vår og sommar

Soknerådet bestemte elles at det 17. mai blir ei enkel gudsteneste ved kyrkjetrappa i samband med bekransing av soldatbautaen. På forsommaren blir det ny dugnad – da med istandsetting av kyrkjegardsgjerdet og måling av bårehuset. Vidare håpar ein å kunne arrangere musikkvelden Jonsvaka den 25. juni. Søndag 4. juli blir det utegudsteneste på Grendaplassen på Bele.

Foreldregenerasjonen stilte også opp. Her er det Ståle, Gry, Bodil og Eva som unner seg fem-minutt.
Johnse og Anton var blant dei som snørta opp på Gammelyrkjegarden ved Trøa.
Powered by Labrador CMS