Her går det unna! Eva Jorid Svendsen (frå venstre), Kjell Aarnes, Lars Jostein Bævre og Randi Vetleseter Bøe svingar målingskostane.

Friskar opp ved kyrkja

Dugnaden samla litt færre enn venta, men oppussinga ved Åsskardkyrkja kom fint i gang onsdag kveld.

Publisert

Gjerdet mot nykyrkjegarden vart friska opp med ny måling. Og bossdunkane kan straks flytte inn i nybygd skur.

- Men enno gjenstår måling av bårehuset og noko av kyrkjegardsgjerdet, seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen. - Så dei som ikkje hadde høve til å delta denne onsdagen, får ny sjanse seinare!

Powered by Labrador CMS