Godt nytt for Surnadal vidaregående skole:

Et stort murbygg med trapper og asfaltert gangvei foran. På veggen Møre og Romsdal fylkeskommune sin logo og 'Surnadal vidaregående skole'
Surnadal vidaregåande skole

Utdannings- og kompetanseutvalet er positive til å starte opp vg2 helsearbeidarfag til hausten

Publisert Sist oppdatert

Fredag hadde utdannings- og kompetanseutvalet i Møre og Romsdal eit møte der dei behandla saka om kva for klassar i dei vidaregående skulane som ikkje skal startast opp til hausten. Fylkeskommunedirektøren instilte mellom anna på at Vg2 helsearbeidarfag ved Surnadal vidaregående skole ikkje skulle startast opp til hausten på grunn av for få primærsøkarar.

Kompetanse- og næringsdirektøren anbefalte likevel at klassen blir starta. Begrunninga var slik:

Surnadal kommune har ein stor del vaksne elevar med minoritetsbakgrunn som i dag er elevar på vg1 helse- og oppvekstfag. For å kunne gi eit tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne søkarar med minoritetsbakgrunn er Surnadal vgs. i dialog med Surnadal kommune om ein samarbeidsavtale om finansiering av vg2 helsearbeidarfag. Kommunen har ikkje fatta endeleg avgjerd om delfinansiering når denne saka sendast til UDK og forslaget bygger på føresetnad om delfinansiering frå Surnadal kommune.

Vg2 helsearbeidarfag har 3 primærsøkarar. Det er under kravet om minimum 6 søkarar for å starte ein halv klasse. Jamfør utgreiinga om delfinansiering anbefaler kompetanse- og næringsdirektøren likevel at tilbodet blir sett i gang under føresetnad av at tilbodet delfinansierast av Surnadal kommune. Skolen er einig i anbefalinga.

I eit samrøystes vedtak i utdannings- og kompetanseutvalet fredag er vg2 helsearbeidarfag ved Surnadal vgs. blant dei klassane som skal startast opp til hausten, med føresetnad om at Surnadal kommune er med på delfinansiering.

Rektor Hilde Andersen er glad for vedtaket i utdannings- og kompetanseutvalet.

Rektor Hilde Andersen ved Surnadal vgs. seier til Trollheimsporten at skolen er glade for vedtaket i UDK i dag, som seier at klassen blir starta under forutsetning av delfinansiering frå Surnadal kommune. Denne avtalen er enda ikkje på plass, men Surnadal kommune er positiv til å finne ei løysing saman med skolen.

– Å utdanne helsefagarbeidarar er av stor betydning med tanke på mangel på arbeidskraft innafor fagfeltet, sier Andersen.

Powered by Labrador CMS