Lars Inge Kvande (på talarstolen) og kommunestyret i Surnadal sa torsdag klart ja til busetting av 19 nye flyktningar i 2021.
Lars Inge Kvande (på talarstolen) og kommunestyret i Surnadal sa torsdag klart ja til busetting av 19 nye flyktningar i 2021.

Klart ja til å busette nye flyktningar i Surnadal

Mot FrP sine to stemmer, vedtok kommunestyret i Surnadal torsdag å busette 19 nye flyktningar i 2021. Dersom behovet for busetting av flyktningar aukar, kan det bli aktuelt å ta imot inntil 28.

Publisert Sist oppdatert

25 av 27 representantar stemte for kommunedirektøren sin tilråding om å imøtekomme Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet (IMDi) si oppmoding om å busette 19 nye flyktningar neste år.

Janne Husby Haugen frå Senterpartiet opna debatten med å slå fast at dette var ei gladsak for Surnadal, og ho stilte seg bak tilrådinga. Ho stilte samtidig spørsmål om det hadde vorte vurdert kor mange flyktningar kommunen potensielt kan ta imot, ettersom dette er informasjon IMDi etterspør.

Kommunedirektør Knut Haugen svara, og fortalte at kommunen ved behov kan ta imot inntil 28 flyktningar i 2021. Dette vart teke inn som eige punkt i tilrådinga, som seinare altså vart vedteke.

Nils Petter Tonning frå FrP gjorde det klart at han og partikollega Johannes J. Vaag kom til å gå imot innstillinga.

– Vi ser utfordringar med busettingar, både når det gjeld korona, arbeid og økonomi. Vi har ikkje fått alle flyktningane vi har teke imot i arbeid, og eg meiner vi skulle fått ferdig den integreringa vi har, før vi tek inn nye. Og det vert sagt at vi har bustader til dei, kvar er desse?

Knut Haugen fortalte seinare i behandlinga at det ikkje har vore ei utfordring for kommunen å få tak i bustader til flyktningar.

– Heilt sidan vi starta å ta imot flyktningar i 2013, har dette gått veldig godt, sa Haugen.

Eli Vullum Kvande frå MDG sa seg og positiv til å ta imot flyktningar, og det same gjorde AP-topp Annett Ranes:

– Eg stiller meg fullstendig bak saka. I motsetning til FrP, føler eg vi klarar å integrere flyktningane som kjem hit godt. Det gjeld både frivilligheita, med tanke på aktivitetar og liknande, og det at vi får ein stor prosentandel ut i utdanning eller arbeid. Det viser at vi klarar å arbeide godt, og at det kanskje ikkje gjev den negative konsekvensen Nils Petter og FrP er redde for at det vil få.

Ranes fortsette:

– Ein ting er økonomi, kor mykje vi får i tilskot og kor mange vi får ut i arbeid. Det er sjølvsagt tal vi skal vere interesserte i, men ein annan ting er at eg trur at samfunnet vårt har godt av å bli meir variert. Den tankegangen og rausheita flyktningane har, har vi som litt «sette» nordmøringar godt av å oppleve.

Ranes fekk støtte av Senterparti-representant Lars Inge Kvande:

– Som Annett, trur eg og at vi har godt av litt mangfald. Eg trur vi kjem til å takle dette veldig godt, og det er og ein dimensjon til i dette. Det går på at når samfunnet vårt går bra, og det framoverlente næringslivet vårt ønskjer arbeidstakarar og lærlingar, har vi stort behov for meir menneskelege ressursar totalt sett. Det må til for å utvikle samfunnet vårt vidare, sa Kvande, og la til:

– Så vi må stå med opne armar og heie på Olav Bergheim og dei andre som står i første linje ved vaksenopplæringa og integreringa, slik at vi kanskje kan få fleire hit.

Siste talar var Rakel Polden frå AP. Ho let seg provosere av FrP-utspelet tidlegare i diskusjonen.

– I år tenkte eg at eg ikkje skulle la meg lure utpå, men eg klarar ikkje å unngå å bli provosert av måten ting blir lagt fram på. Vi treng at folk skal bu her, og vi veit at det vert jobba godt på dette feltet i Surnadal. Vi kan ikkje måle alle menneskeskjebnar i kroner og øre, sa Polden, før ho la til:

– Flyktningane kjem hit av ein grunn, og det kan ikkje vere slik at vi ikkje skal hjelpe dei viss vi ikkje tener på det. Dette er eit ansvar vi har.