Laila Buskenes Aune (Ap), Eli Vullum Kvande (MdG) og Helge Røv (Ap) i diskusjon i samband med kommunestyremøtet torsdag.

Stort engasjement rundt Todalsfjordprosjektet

Fleirtalet i kommunestyret i Surnadal ser på ferjefritt samband som viktig for regionen, og sender klare signal om at det skal takast omsyn til Svinvika i det vidare arbeidet med prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

I sjølve debatten vart ordførar Margrethe Svinvik, dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS, Bergsvein Brøske, og styremedlem i same selskap, Nils Petter Tonning, vart erklært inhabile og erstatta av varamedlemmar.

Over halvparten av kommunestyrerepresentantane tok ordet , og her kan du lese litt av det dei ulike representantane sa i løpet av debatten, i kronologisk rekkjefølgje:

Lars Inge Kvande (Sp):

– Ferjefri fjordkryssing vil vere eit sjumilssteg for den regionen vi er ein del av, og som vi vil skal vere ein god plass å vekse opp, arbeide og bu.

– Eg har undersøkt litt om liknande prosjekt, og lese meg opp på Eiksundsambandet og Atlanterhavstunnelen, som det er laga etterevalueringar på. Konsekvensane der har vorte vesentleg betre enn skissert. Begge var berekna å ha negativ samfunnsøkonomisk effekt, men har vist seg å ha positiv og delvis veldig positiv effekt. Sjølv om det aldri er mogleg å samanlikne to prosjekt heilt, er det for meg eit lite bevis på klare fordelar andre prosjekt har oppnådd, som eg meiner er innan rekkjevidde for vår prosjekt.

Eli Vullum Kvande (MdG):

– Eg tykkjer framleis dette er ei kjempevanskeleg sak, men eg vil trekkje fram sitatet «Det er lov å meine noko er galskap, sjølv om det gagnar ein sjølv». All vegbygginga utløyser Co2, og vi veit det fører til meir trafikk. Ingen vegar kjem til å bli lagt ned, talet på kilometer veg vil berre auke. Og det er ikkje slik at vi har full kontroll på vegvedlikehaldet vårt, verken i kommunen eller i fylket. Vegetterslepet i fylket er på 8,6 milliardar kroner, og meir blir det, med fleire vegar og tunnelar. Eg trur vi må sette vegvedlikehald framfor nybygging, og ta vare på det vi har i staden for å bygge nytt.

– Eg forstår at det er positivt med ei bru over Todalsfjorden, men det handlar om å prioritere. Og er det slik at vi på sikt ønskjer oss til Sunndal, eller ønskjer vi oss nordover? Her har ikkje eg svaret, men eg saknar debatt rundt det. Eg trur vi er ferdig diskutert i den saka, dersom vi vedtek prosjektet. Kven blir lillebror då?

– Når skal vi forstå kva vi held på med? 60 prosent av verdas naturmangfald har forsvunne sidan 1970, og det har med oss å gjere; det har med vår arealbruk å gjere. Det er den største grunnen til at naturmangfaldet no held på å forsvinne.

Rakel Polden (Ap):

– Det har vore slik at innspel og kritiske spørsmål ikkje har vorte ønska velkommen, tvert imot. Ein blir gjerne stempla som både bakstreversk, illojal og naiv dersom ein stiller spørsmål, og det er synd for debatten.

– Kanskje er brua svaret på bekymringane våre, men det kjem til ein dyr pris. Kanskje er det rett å vedta det, sjølv om eg er overbevist om at vi då går mot ei kommunesamanslåing med Sunndal.

– På det noverande tidspunktet i debatten har eg ikkje bestemt meg for kva eg skal stemme.

Todalsfjordbrua fra sør.

Jorid J. Aarvåg (Ap):

– Eg ser mykje argumentasjon om at vi må vedta dette fordi vi har heldt på lenge med saka, men at vi skal vedta noko fordi vi har heldt på lenge er ikkje eit godt argumentasjon i seg sjølv. Vi må gjere ei ordentleg vurdering, og når eg les fagomtalen lyser det raudt for min del. På alle område vert Svinvika forringa. Vi kan ikkje unngå å diskutere det konsekvensanalysen viser berre fordi vi har jobba lenge med ei sak.

– I planprogrammet, som vart vedteke i 2016, stod det at vi skulle hente inn ny informasjon, som konsekvensanalysen vi no har fått er. Når vi har fått ny informasjon, kan premissa for ei sak endre seg. Når det gjeld partiprogram, gjekk eg ikkje til val berre på dette punktet, men og for betre friluftsliv, kulturminneforvalting og naturmangfald. Dei punkta vert ikkje ivareteke dersom vi vedtek dette. Poenget er at ein møter motsetningar når ein skal behandle politiske saker. Når eg no skal stemme ja eller nei til dette, er det slik at same kva eg landar på, bryt eg eitt eller fleire valløfte. Vi, som lokalpolitikarar, bør sleppe å bli kalla reaksjonære av den grunn.

Johs J. Vaag (Frp):

– Når ein kjem til eit visst punkt, må ein skjere gjennom og ta ei avgjerd, og det skal gjerast i dag. Eg håpar det blir eit klargjerande vedtak, for eg trur dette vil føre til positiv, ny giv i regionen.

Helge Røv (Ap):

– Eg har vore med på dette i ulike posisjonar i 35 år, og dette er etter mi meining eit heilt nødvendig middel for å få til ein kraftig bu- og arbeidsmarknad, og for å skape eit sterkare Indre Nordmøre. Prosjektet oppfyller etter mi meining heile fire berekraftsmål, som vi har sagt vi skal jobbe for å innfri.

– No har fylkeskommunen og fylkestinget prioritert Todalsfjordprosjektet som nummer 1, og gått inn i det med full styrke. Då vil det verke dumt dersom vi ikkje vedtek det.

Sondre Ormset (Sp):

– For meg er dette så enkelt som at vi skal ha ein døgnåpen region. No skal vi ta sats. Det er som om vi og Sunndal er ørneforeldra, og dette prosjektet er ørneungen vår. Det er litt skummelt når den skal lære seg å flyge, og første gongen er den litt ustø og usikker. Då er det ei litt ekkel kjensle å sleppe den utfor reiret, men eg trur at, etter eit par ustø vingeslag, kjem den til å flyte godt. Eg trur det blir ein stor suksess, og bra for regionen vår, å endeleg få ferjefri kryssing av Todalsfjorden.

Hugo Pedersen (Sp):

– Eg har tidvis vore skeptisk til traseval og tempo i saka. Eg har samtidig hatt ei kjensle av at den som har stilt spørsmål, har vorte fortalt at «no må vi ikkje øydeleggje». Det har vore øydeleggjande for saka. Samtidig er eg klar på at eg er positiv til ferjefritt samband.

– Vi må merke oss at prosjektet ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsamt, men det kan bli det.

– Eg tykkjer det er bekymrande tonar frå fylkesmannen om massedeponi og dyrka mark.

– Eg vil gje stor takk til fylkestinget og fylkeskommunen for engasjementet og viljen til å støtte oss. Eg forstår at mange ventar på ferjefri kryssing, og det skal vi få til. Men vi må være audmjuke, og knaskje ta innover oss nye innspel som kjem. Den audmjukheita er viktig for at vi skal få gjennomført prosjektet.

Annett Ranes (Ap):

– Vi må tenkje kva vi trur er best for Surnadal både 20 og 30 år fram i tid. Eg trur ikkje vi kjem unna at vi, både næringlivet og kommunen, dersom vi skal klare å halde på kompetansen og arbeidsplassane våre, er må ha eit litt større bu og arbeidsmarknad enn vi har i dag.

– Eg trur det fint kan vere ei 60-sone på brua, slik at vi får krappast mogleg sving, og traseen i Svinvika kan flyttast frå ekra ved Svinvik gard til høgda mellom garden og arboretet.

Todalsfjordbrua fra Indre Drøppingan.

Tove Mogstad (Sp):

– Det er viktig at vi får til noko ferjefritt no, men det må vere lov å uttrykkje litt bekymring for Svinvika. Slår ein opp i turistbrosjyrer der vi presenterer kva vi er stolte av, dukkar Svinvika opp. Eg kjem til å stemme ja, men håpar det kjem flytebru, og at det blir mogleg med ein annan trasé når ein kjem i land i Svinvika.

Janne Husby Haugen (Sp):

– Eg er sikker på at prosjektleiinga og fylkeskommunen, som prosjekteigar, vil stå på for å lage ei berekraftig løysing totalt sett, og følgje berekraftsmåla. Det har vi forplikta oss til både i fylket og i kommunen vår.

Bernt Venås (Sp):

– Eg tykkjer det er litt spesielt at vi trekkjer prosjektet i tvil. Det trur eg ikkje andre deler av fylket ville gjort på same måte. Mykje er allereie sagt her i dag, men ein ting eg vil trekkje fram, er at dette vil bli ein viktig gjennomfartsåre for regionen. Det vil og spare pendlarar for mykje tid kvar einaste dag.

Ragnar Halle (Sp):

– Eg er glad for konsekvensutredningane som kom no. Det er så viktig at dette blir sett på grundig, og det har komme fram mykje bra under debatten. Dersom dette blir teke omsyn til, kan dette blir veldig bra. Eg håpar at ein i arbeidet med reguleringsplana søker lokal kunnskap, og brukar lokal kompetanse og grunneigarar.

Ole Joar Bruset (H):

– Prosjektet er kalkulert til å ha ein negativ samfunnsøkonomisk effekt på 1,9 milliardar. I Noreg vert det i slike prosjekt kalkulert med åtte prosent rente, medan Sverige brukar tre prosent. Det gjer at omtrent alle slike samferdselsprosjekt blir berekna å ha ein negativ samfunnsøkonomisk effekt. For dei positive effektane prosjektet vil ha, utover dei første 20 åra, er ikkje med i berekninga. Ser ein dette prosjektet i eit 100-års-perspektiv, er det då 80 år med positive, økonomiske effektar som i realiteten ikkje er med.

Powered by Labrador CMS