Formannskapet samla tysdag 27.10.

Kjøper Todalsfjordprosjekt-aksjar for ein million kroner

Formannskapet i Surnadal vedtok tysdag å delta i ein retta emisjon i Todalsfjordprosjektet AS, og kjøper nye aksjar for 1 million kroner.

I kommunedirektør Knut Haugen si opprinnelege tilråding låg det forslag om at aksjekjøpet skulle finansierast med havbruksmidlar. På formannskapsmøtet tysdag vart tilrådinga endra til å bruke frie investeringsmidlar, som kommunen har fått inn gjennom sal av næringsareal.

Sjølv om formannskapet sitt vedtak til slutt var samrøystes, var det tilløp til temperatur undervegs i debatten.

Stilte spørsmål

Rakel Polden (Ap) tok opp att det ho kalla «hjertesukket sitt» frå førre kommunestyremøte:

– Ein kjem aldri dit at ein får ta skikkeleg stilling til ting, ein tek små avgjerder heile tida, og så er ein plutseleg komme så langt i prosessen at det er for seint å snu. Det blir litt slik at tek ein opp bekymringar, får ein beskjed om at ein skulle komme med dei på eit tidlegare tidspunkt, seier ho, og fortsett:

– Men tek ein det opp tidlegare i prosessen får ein beskjed om at «Vi veit ikkje nok på det noverande tidspunkt til at det er vits i å ta den diskusjonen enno». Eg lurar på kvifor må vi gjere dette vedtaket akkurat no, kvifor kan vi ikkje vente til etter kommunestyremøtet 26. november, der kommunedelplana med Todalsfjordprosjektet skal opp?

Polden fekk støtte frå Eli Vullum Kvande frå MdG:

– Eg har tenkt det same, og har lyst til å be om utsetting av saka, slik at vi får sjå på det saman med kommunedelplana. Då får vi tida til å ta ein god diskusjon på dette.

– Har vore diskutert opp og i mente

Polden og Vullum Kvande møtte sterk motbør frå Bernt Venås (Sp).

– Vi har hatt ei lang sak når det gjeld handsaming av Todalsfjordprosjektet, og vi i Senterpartiet, og sikkert Arbeiderpartiet og, har gått til val på at vi ønskjer å realisere prosjektet. Det har vore diskutert opp og i mente, og eit vedtak om aksjekjøp er berre ei oppfølging av det vi har sagt før, seier Venås, og legg til:

– Det er ikkje noko av det vi har for oss i nær framtid som kan endre det standpunktet vi har gått til val på. Vi veit det er mange meiningar om dette, men det er ikkje det vi diskuterer no. Eg tykkjer vi skal gå for kommunedirektøren si tilråding.

Kommunestyret i Surnadal skal ha neste møte 5. november, og eit nytt møte 26. november, som opprinneleg skulle vere fellesmøte med Sunndal, med spesielt fokus på Todalsfjordprosjektet. Grunna koronasituasjonen er det no bestemt at dei to kommunane gjennomfører møte kvar for seg.

Ordførar Svinvik, som tidlegare har vore erklært inhabil i saker om sjølve prosjektet, fordi svigerfaren har hytte som vert råka av ei eventuell bru, vart i dag erklært habil av eit samrøystes formannskap.

Kommunedirektør Knut Haugen argumenterte for dette mellom anna ved at saka som skulle behandlast omhandla aksjekjøp i eit vanleg aksjeselskap, og ikkje til dømes traséval.

Svinvik stilte spørsmålet om det, som Polden og Vullum Kvande og var inne på, ville vere naturleg å ta denne saka på kommunestyremøtet 26. november i staden for 5. november. Dette fordi kommunestyret då vil kunne behandle sakene om aksjekjøp og sjølve Todalsfjordprosjektet på same møtet.

– Med fare for å bli politisk, tykkjer eg Surnadal kommune og Sunndal kommune bør ta dette signalet frå fylkeskommunen, og gå inn med desse midlane. Men er det viktig at kommunestyret får sakene samtidig, let det seg sjølvsagt gjere, svarte kommunedirektør Haugen, før han la til:

Formannskapet.

– Eg meiner framleis at dette er to ulike saker, som ikkje nødvendigvis må behandlast samtidig. Blir det ikkje noko Todalsfjordprosjekt står denne millionen berre på konto, dei forsvinn ikkje viss dei ikkje blir bruka.

Røv og Hovde samstemte

Helge Røv (Ap) støtta Bernt Venås fullt ut, og viste til at det i partiprogrammet til Arbeiderpartiet står at både Todalsfjordprosjektet og Fv65 er viktige prosjekt å få gjennomført. Han var klar på at han ikkje ville støtte eit eventuelt utsettingsforslag frå Eli Vullum Kvande.

– Eg tykkjer dette er å snu ting litt på hovudet. Skal ein utsette dette for å få signal frå kommunestyret er det feil etter kommunelova. Det er formannskapet som skal tilrå til kommunestyret, som så kan gjere det vedtaket dei ønskjer.

May Iren Dønheim Hovde (H) gav og klar beskjed om at ho ville støtte kommunedirektøren si tilråding:

– Kva signal sender vi no, dersom vi skal utsette dette? Kvar denne millionen blir av, reint teknisk, er eg ikkje så bekymra for.

Pedersen: – Vil ikkje øydeleggje, men har spørsmål

Varaordførar Hugo Pedersen sa tydeleg frå om at han ønskjer seg ei ferjefri kryssing, men la ikkje skjul på at han og sit med fleire spørsmål han gjerne skulle hatt svar på.

– Det er ikkje aktuelt for meg å tenkje på å ha fleire ferjer, men eg tykkjer rekkjefølgja her er litt krevjande. Eg kunne ønska meg ein verdianalyse no. Eg trur ikkje folk flest er imot Todalsfjordprosjektet, men no når det nærmar seg, har folk naturlegvis mange spørsmål.

Han etterlyste ein diskusjon rundt kva krav ein kan sette overfor fylkeskommunen i samband med emisjonen ein vart utfordra på å gå inn med ein million kroner i.

– Tek fylkeskommunen over i ein slik emisjon, mistar vi noko makt, samtidig som vi veit det ligg eit krav til at delar skal finansierast lokalt – med 100 millionar frå kvar av dei to kommunane og 100 frå fylkeskommunen, seier han, og fortsett:

– Kanskje skulle vi diskutert både kva krav vi kan sette, og sjølve prosjektet. Eg meiner ikkje at vi skal revolusjonere det, men det er ny teknologi og nye tankar ein kanskje bør sjå på. Eg føler eg sit med masse spørsmål, men når eg har teke det opp, så kjem nokon og klappar meg på ryggen og seier at eg må slappe av.

Varaordføraren heldt fram:

– Eg er ikkje interessert i å øydeleggje - ikkje i det heile tatt, men eg vil ha svar på ein del spørsmål, slik at eg blir trygg på at alt er som det bør vere. Dette prosjektet vil påverke innbyggjarane i lang, lang tid framover.

Pedersen peika på at han meiner dei som har jobba med Todalsfjordprosjektet har gjort ein god jobb.

– Men det er noko feil når vi ikkje har den entusiasmen rundt det, som vi bør ha, og den slit eg med å finne. Det trur eg handlar om at mange sit med mange spørsmål.

– Det vil eg ikkje vere med på

Rakel Polden tok ordet og gav støtte til varaordføraren.

– Stiller ein spørsmål, blir ein møtt med det eg opplever som på grensa til hersketeknikk, at «Dette har vi heldt på med så lenge». Då blir eg ganske irritert. Vi har alle ting i partiprogramma våre, som vi ønskjer at vi kunne gjennomført – dersom vi hadde nok pengar og midlar. Når vi ikkje har det, kjem vi til eit punkt der vi må prioritere, og då må vi som er valt inn seinare i prosessen få lov til å stille spørsmål.

Helge Røv var sjølv styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS i ti år frå 1986, og tilbakeviste Polden si utsegn om hersketeknikkar.

– Eg trur verken eg eller Bernt hadde som intensjon å komme med hersketeknikkar. Men no har endeleg fylkeskommunen sett seg i førarsetet, og det har vi prøvd å få til så lenge. Tidlegare har dei ikkje villa vore med, det vil dei no, seier han, og legg til:

– Stiller vi slike spørsmål, vil det vere eit signal om at vi berre så vidt ser positivt på dette, og det vil eg ikkje vere med på. Det vil alltid vere spørsmål ein ikkje får svar på.

Bernt Venås følgde opp:

– Dersom Helge og eg blir nedstemt, så tek vi det til etterretning. Men då seier vi samtidig at Surnadal kommune ikkje er spesielt interesserte i dette prosjektet.

Ordførar Svinvik trakk fram at ho tykkjer det er positivt at fylkeskommunen no er komme på banen.

– Eg tykkjer det er positivt at fylket tek eigarskap i dette, eg tykkjer ikkje det med bygging av bruer og tunellar skulle vore ei kommunal oppgåve. Kanskje skulle fylket vore endå flinkare til slikt, og kanskje kunne dei teke heile eigarskapet sjølv.

Samrøystes vedtak

Formannskapet diskuterte seg deretter fram til at saka skal opp på kommunestyremøtet 26. november, og ikkje 5. november. Dermed blir aksjekjøp-saka behandla same dag som kommunedelplana med Todalsfjordprosjektet.

Det sa Eli Vullum Kvande seg godt fornøgd med.

– Då har vi høringssvara, og meir rom for debatt og å stille spørsmål. Då er det ikkje vits i å foreslå å utsette saka i dag, for då vil alt vi kan ha på bordet vere på bordet når vi tek avgjerda.

Då saka gjekk til avstemming vart kommunedirektøren si tilråding, med endringa om at det vert brukt av frie investeringsmidlar i staden for havbruksmidlar, vedteken. Dermed deltek kommunen i ein retta emisjon i Todalsfjordprosjektet AS og kjøper nye aksjar for 1 million kroner, med to føresetnader:

At Sunndal kommune går inn med tilsvarande beløp, og at kompensasjonsmidlar tilhøyrande Sunndal også blir stilt til disposisjon for Todalsfjordprosjektet AS, slik Surnadal kommune har gjort i tidlegare vedtak.

Powered by Labrador CMS