Topp stemning og mykje folk på ungdomsklubb torsdag kveld.

Kjempesuksess for klubb-comeback

Torsdag heldt både Juniorklubben og Surnadal Ungdomsklubb opent for første gong etter sommarferien. I samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre inviterte dagleg leiar Hilde Staveli Solli til pizzakveld, og heile 60 barn og unge tok turen.

Publisert Sist oppdatert

I lokala til Surnadal Frivilligsentral i Miljøgata på Skei er det junior- og ungdomsklubb kvar torsdag, og denne veka starta tilbodet opp att etter sommaren.

No som skulane er på grønt nivå att etter halvanna år med strenge koronarestriksjonar, var det endeleg mogleg for dagleg leiar Hilde Staveli Solli å invitere alle trinna på ungdomsskulen til ungdomsklubb samtidig. Og det gav resultat med ein gong!

Først var 17 femteklassingar frå heile kommunen på plass på juniorklubb, og deretter møtte heile 43 ungdomsskuleelevar opp til ungdomsklubb.

– Det er vi veldig godt fornøgde med. Det var mykje folk og topp stemning, ordentleg livåt og triveleg, seier Staveli Solli.

– Ei god sak

For å få ein pangstart på klubb-hausten, tok ho initiativ til å arrangere pizzakveldar. Ho kontakta Liv Dalsegg i SpareBank 1 Nordmøre med spørsmål om det var mogleg å få sponsa maten, og fekk raskt positivt svar.

– Det at det var gratis pizza og brus spelte nok inn på besøkstala, ler Staveli Solli.

Liv Dalsegg fortel at SpareBank 1 Nordmøre er glad for å kunne støtte opp om ei slik god sak.

– Eg tykkjer det er veldig bra at dei no kan opne ungdomsklubben med trinna blanda, for det er eit teikn på at vi held på å opne opp att samfunnet for fullt. Det har vi venta lenge på, seier ho, og fortsett:

– Då vi fekk sjansen til å vere ein liten del av det, var det eit soleklart ja frå oss. Det var ikkje noko å spekulere på – det var ei lett avgjerd, for dette er ei god sak.

Klar tommel opp frå femteklassingane då Liv Dalsegg kom med pizza på vegne av SpareBank 1 Nordmøre.

Populær Juniorklubb

Før sommaren var det litt dårleg med besøk på ungdomsklubben. Hilde Staveli Solli håpar no at ungdomsskuleelevane kjem att, også når det ikkje vert servert pizza.

– Ja, eg håpar folk kjem i fortsettinga og, no som vi får blande ungdomsskuletrinna. No når skulane er på grønt nivå, kan vi gjere det. Det er vi veldig glade for, for det er litt meir spennande å vere alle tre trinna, enn berre eitt og eitt, seier ho.

Når det gjeld juniorklubben, har den vist seg å vere eit populært tiltak.

– Den har vore ein suksess frå dag ein. På Juniorklubben er det slik at vi framleis tek imot berre eitt og eitt trinn, for det kjem så mange at vi føler vi ikkje har kapasitet til å ta imot fleire trinn samtidig, seier Staveli Solli.

– Viktig å ha ein trygg plass å komme til

Dei to neste torsdagane er det femte- og sjette trinn som vert invitert til pizzakveld i samband med Juniorklubb.

– Vi er veldig glade for at vi fekk til å starte med eit slik tiltak, takka vår fantastiske lokalbank. Det er ein god start på hausten.

Det er no planlagt ungdoms- og juniorklubb fram til og med 16. desember. Det er i skrivande stund ikkje fastsett klubb i haustferien, men Staveli Solli bekreftar at det truleg blir halde ope då og.

– Det er stas at vi får opne for fullt, og eg tykkjer det er viktig for ungdommen å ha ein trygg plass å komme til. Her er vi ein eller fleire vaksne til stades heile tida, så her er det trygt, og ungdommane vert passa på.

Lars Sæther (f.v.), Hilde Staveli Solli, Brit Røsand og Liv Dalsegg ønska ungdommane velkommen på pizzakveld torsdag.
Powered by Labrador CMS