Trollheimen Fjellsportklubb:
Håkon Bøklep og Lisabeth Sæterbø best i «Dammen opp!»
Laurdag inviterte Trollheimen Fjellsportklubb til «Dammen opp!» på Nordvik. Dette er eit motbakkeløp der løypa er rundt 3 kilometer og går frå Nordvik forsamlingshus og opp Blomlivegen, vegen opp til inntaksdammen for kraftverket og utgangspunktet når ein skal gå tur til Nordviksula/Ytre Sula.
Løpet hadde to klassar, trim og konkurranse. I trimklassen var det 12 deltakarar, medan det i konkurranseklassen var 8 deltakarar, fordelt på damer og menn
I dameklassen vann Lisabeth Sæterbø med Elise Einum på andreplass og Ingvild Kårvatn tredje.
I klassen for menn vann Håkon Bøklep, medan Isak Drøpping og Erik Kårvatn kom på andre og tredje plass.
Etter målgang var det mogleg å få kjøpt kaffe, saft og kaker ved forsamlingshuset. Deltakinga i årets utgåve av «Dammen opp» var betre enn i fjor, noko arrangøren var godt nøgd med!