Merry fu**ing Christmas

Femårsjubileum med kvalitet og breidde
Latter og gåshud i skjønn forening
Fredag kveld opna SKUV dørene i Storstua til premiere for femte gong på juleshowet Merry Fu**ing Christmas til eit festpynta og feststemd publikum. Sidan det no var kome til eit halvrundt tal, så hadde arrangørane plukka innslag frå dei fire siste showa til ei "Best of"-forestilling. Seks dyktige songarar og eit stødig band serverte oss rocka julelåter på løpande band.

14 dansarar får Dansekompaniet bidrog til at forestilling vart ei heilskapleg oppleving og visuelt nydeleg. Her ligg det mykje øving bak.

I tillegg til estetiske opplevingar med dans og musikk som gav oss gåshud, fekk vi trimma lattermusklane attåt. Seks skodespelarar sørgde for uhøgtidlege revyinnslag, med poeng som både var dagsaktuelle og universelle, ispedd tørre poeng og vitsar litt på kanten.
I første innslag er vi innom teknologitrøbbel med ønskjelister skrive ut av kunstig intelligens basert på google-søk og produsert med 3D-printer, og det trøblet det medfører. Nissen var fortvilt over at folk kun er opptekne av fuglane som blir drepne av vindturbiner, medan han sjølv hadde mista dei to siste reinsdyra sine i dei, og kun hadde fått tilbud om å låne struts frå Statkraft.
Dordi Skuggevik har ved tidlegare forstillingar vore kritisk til konseptet Merry Fu**ings Christmas, og med det sikra seg plass i sketsjen. Rådgivgstelefonen rådde nissen til å låne Dordi si fuckings pynteku.

Det høgdepunkt i kø denne kvelden, og alt solid gjennomført. Absolutt verdt å nemne er The Hives låta A Christmas Duel, energisk og artig, med Gunn Astrid, Karstein og dansarane. Gunn Astrid sin versjon av Home for Christmas av Maria Mena gav gåshud. Øystein får demonstrert si mektige røyst i Walking in the air. Pernille Torvik Kvande, ung dame med vaksen stemme,var rå i lag med Dansekompaniet i fleire låter, blandt anna Sia sin Snowman. Vi fekk servert to vakre norske låter. Karstein song Stjernesludd (Dumdum boys) og Lisa song jula 2010 (Ingebjørg Bratland), og det gav ekstra julestemning. Publikum klappa med til Torstein fine framføring av A New York Christmas av Rob Thomas.
Kveldens mest rørande låt vart likevel avsluttinga, A Fairytale of New York, pougeslåta som for underteikna er den ultimate julesongen. Vakkert av Karstein og Lisa. Det var spesielt å få høyre den framført i dag, same dag som låtskrivar og Pouges-vokalist Shane MacGowan, som døydde 30. nov., vart gravlagd.

Vokalistar: Karstein Mauset, Torstein Snekvik, Øystein Hjelle Bondhus, Lisa Botterli Flostrand, Gunn Astrid Hove og Pernille Torvik Kvande
Band: Brage Kristian Einum og Rolf Paulsen på tangenter, Olav Nergård Tørset på slagverk, Torbjørn Kvande på bass og Ola Langli på gitar
Skodespelarar/komikarar: Gøran Bolme, Nils Inge Aasgård, Kristian Nerland, Line Indergård, Håkon Solem og Eirik Nordvik.
Dansekompaniet: Stine Valde, Marte Dahl Andreassen, Anne Marie Hamnes Høvik, Elida Sofie Fiske, Live Aakvik, Ingrid Brekke, Andrine Kvernberg Bævre, Ine Hamnes Øye, Thea Marie Ranes Henriksø, Sunniva Haltli, Vanja Halle, Ylva Bæverfjord og Solveig Andersen
Fleire bilde: