jenny klinge

Motiverte for regjeringsskifte

- Ja, no er vi ordentleg motiverte for regjeringsskifte, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant og førstekandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal.

- Trygve imponerte oss alle med ein landsmøtetale som gjekk på direkten frå kjøkkenbordet hans heime, over kornåkeren og til barneskulen der dotter hans går. Ein vandrande landsmøtetale var vi ikkje førebudde på, men dy det var artig å følgje med på den. Rett og slett ein kjempegod tale av ein partileiar som vi alle er veldig glade i, seier Klinge.

Senterpartiet hadde landsmøtet sitt frå fredag til laurdag. Trygve Slagsvold Vedum vart ikkje berre gjenvalt som partileiar, han vart også for første gong lansert av partiet som statsministerkandidat til haustens stortingsval. Dette skjedde til stor applaus frå fylkesdelegasjonane via mange skjermar frå rundt om i landet mot slutten av det digitale arrangementet.

- Eg er veldig einig i det Trygve sa om at posisjonar ikkje er eit mål i seg sjølv, men at dei er verktøy for å oppnå noko politisk på vegne av folk. Det vi ønskjer å oppnå framover, er å byggje heile landet og sikre tenester nær folk. Då vil vi styrke eksisterande lensmannskontor og også opne nye kontor for å sikre eit nærare politi. Vi vil òg reversere domstolreforma slik at Kristiansund, Molde og Volda får tilbake dei sjølvstendige tingrettane sine, seier Klinge, som er første nestleiar i justiskomiteen. – Men skal vi ha viktige offentlege tenester og tilbod nær folk i heile landet framover må også kommunane og fylkeskommunane ha betre økonomisk handlerom, seier ho.

- Å sørgje for matproduksjon i heile fylket vårt og i heile landet er veldig viktig. Matjorda og beitemarka er uvurderleg, og vi kan ikkje godta at krattet tek overhand. Så no må landbrukspolitikken endrast for å gjera det mogleg også for små og mellomstore bruk å satse for framtida, understreker Klinge.

Powered by Labrador CMS